Gå til sidens hovedinnhold

– Å gå på trynet gir stjerne i margen

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det paradoksale er at dei som leiter etter leiaremne ikkje er interessert i dei som ikkje har prøvd og som ikkje har feila, seier gründer Silje Vallestad.

Silje Vallestad har gjort mykje sidan ungdomstida i Florø. I helga var Bipper-Silje tilbake i Florø for å snakke om reisa ho har vore på. Ho gav nettopp undomstida litt av ære for at ho er den ho er i dag.

Ung i media

– Eg huskar at eg jobba i radio Stabben og i ungdomsredaksjonen i Firdaposten. Vi var kreative og kunne banke på døra til kommunalsjefane i kommunen og vart tekne på alvor, seier Silje til Firdaposten

Trua på seg sjølv har aldri spakna. Då ho reiste frå Florø til Wales for å gå på United World College, starta ho den internasjonale ungdomsorganisasjonen World Voices som skulle stable ein internasjonal studentkonferanse på beina. Store summar var i spinn, Dalai Lama skulle vere med. Utfordringane var kjempestore, men dei vart , og ho fekk det til.

No skulle det bli Handelshøgskulen i Bergen der vegen gjekk inn i finansbransjen. Men gründeren i magen ville det annleis.

Betre av å feile

– Eg huska eg vart tilbode ein leiarjobb i PricewaterhouseCoopers. Eg hadde nettopp starta selskapet Bipper Communications AS med mål om å lage ein barnetelefon. Då eg sa nei til PWC for å følge ideen min heilt ut, sa dei følgande: «Om du ikkje lukkast, så blir du berre meir interessant for oss». Det svaret har eg tenkt mykje på, og slik burde fleire tenke, seier ho.

For skaparkraft og innovasjon kjem av at folk trur på nye idear. Det gjorde Silje, og det gjorde henne også meir interessant å investere i. Her meiner ho den store skilnaden mellom USA og Norge ligg.

Mindre tilrettelagt

– I Norge er det mindre tilgang på risikovillig kapital. Det er også mindre gunstige skatte- og investeringsordningar på gründerverksemd, noko som gjer at investeringsviljen er mindre. Her har vi ein veg å gå, seier Vallestad og meiner det har med mentalitet å gjere.

– I Norge er vi redd for å gå på trynet. Vi er redd for å feile. Det paradoksale er at for dei som leiter etter leiaremne eller folk å investere i ,så er dei ikkje interessert i dei som ikkje har prøvd og som ikkje har feila. Det er faktisk ein «Badge of Honour» ikkje å lukkast i USA. Grunnen er at det gjer deg sterkare og tryggare i det neste prosjektet du skal til med, strekar ho under.

Mislukka barnetelefon

Silje vart kåra til årets kvinnelege gründer i 2011. Då hadde ho eit selskap med 20 tilsette.

– Eg skulle lage ein barnetelefon, det gjekk ikkje, seier ho og er glad for det.

For det ville blitt for dyrt. Men forsøket ville ho aldri vore forutan.

I staden snudde ho seg om og utvikla produktet «bSafe», ein tryggleiks-App som no har leiarposisjonen i verda. Den blir mellom anna nytta av svenske Länsförsäkringar under produktnamnet «Knappen».