I 2011 selde dei huset, hytta og båten og kjøpte Troppå Gard i Meland. Ikkje eit sekund har dei angra på valet dei tok.

– Det å bu på og å driva ein gard er eit fantastisk flott liv. Det er masse jobb, men ein livsstil. Eg går rundt og smiler heile tida, fordi eg er så heldig som får gjera noko eg elskar, seier Wenche Pettersen til Nordhordland.

Saman med mannen Arne eig og driv ho Troppå Gard.

I mange år drøymde ekteparet frå Godvik i Bergen om å kjøpa seg ein gard, men det var alt for høge prisar på marknaden.

– I 2011 fann vi Troppå. Då selde vi alt vi eigde, og investerte 9 millionar. Det har vi aldri angra på, seier Wenche, som driftar garden på dagtid, medan Arne er på jobb i Bergen. Planen er at også han skal verta heiltidsbonde.

– Sauer er ålreite dyr

– Vi brenn for gardsdrifta begge to. Eg trur det er viktig at begge er like interesserte, skal vi klara dette saman. Det er det siste vi snakkar om på kvelden, og det første vi pratar om på morgonen.

På garden har dei 7.500 frittgåande høner, 180 sauer og to kattar. Sist veke opna dei sitt splitter nye sauefjøs, med plass til 200 vinterfôra sau. Det er eit av dei største fjøsa i regionen.

– Det er viktig å trivast med det ein gjer, og difor har vi vald å satsa på sau. Vi er veldig glad i sau – dei er utruleg ålreite dyr, som vi synest det er kjekt å vera saman med.

Sel eige pinnekjøt

Denne hausten har dei to bøndene starta med å vidareforedla kjøtet sjølv, noko som vil seia at dei får lammeslaktet tilbake frå slakteriet. Dei har vidareforedla kjøt i mange år, men berre til eige bruk.

– I år lager vi pinnekjøt og fenalår, som vi saltar og tørkar sjølv og sel direkte frå garden.

I framtida har dei planar om å bygga på hønsehuset, og også vidareforedla egg.

– Då tenker vi å selja mellom anna karamellpudding, laga etter ei oppskrift frå min familie, seier Wenche.

Tru på landbruket

Wenche og Arne valde å satsa på å starta opp og driva gardsdrift i ei tid der mange vel å legga ned. Dei er ikkje redde for at dei tok feil val.

– Vi har satsa alt vi har, både tid og økonomi. Det er fordi vi har tru på det norske landbruket. Det er viktig at Norge produserer mat som er trygg og sikker, seier Wenche, som meiner ein må vera kreativ og modig for å våga å satsa på gardsdrift i dagens samfunn.

Ho meiner dei har hatt ein fordel ved å bu i ein landbrukskommune som Meland.

– Landbrukssjefen, Laila Bjørge, har vore ein viktig støttespelar for oss, seier ho.

Ansvar som bonde

Det nye sauefjøset på Troppå Gard er visningsfjøs for 13 aktørar, og i framtida ønskjer dei å opna fjøset for andre som ønskjer å bygga ny driftsbygning og folk som har interesse for å sjå eit moderne sauehald.

– Litt av ansvaret til oss bønder er å opna opp gardane våre så langt det let seg gjera, slik at folk får sjå korleis det norske landbruket er. Det er også viktig at barn lærer om livets gang, og at slakting er ein del av det, smiler Wenche.