Baseutviding i fare

Fjord Base vil utvide vestover, men ber om å få sleppe krava som seier at dei då må bygge offentleg infrastruktur og fundament til ei framtidig bru. ARKIVFOTO, FIRDAPOSTEN

Fjord Base vil utvide vestover, men ber om å få sleppe krava som seier at dei då må bygge offentleg infrastruktur og fundament til ei framtidig bru. ARKIVFOTO, FIRDAPOSTEN

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Rekkefølgekrav vil koste Fjord Base AS 100 millionar ekstra.

DEL

I ei dramatisk tid for oljebransjen, ber Fjord Base Flora kommune om å lempe på fleire såkalla rekkefølgekrav til den planlagde utvidinga av oljebasen

Vert ikkje dette gjort, kan det få alvorlege konsekvensar for basen og Flora samfunnet, går det fram av eit brev Oddgeir Igland, administrerande direktør i Fjord Base i Florø, har sendt til plansjef Rolf Bjarne Sund i kommunen.

Det skriv Firdaposten.

Veg mot Rota

Det dreier seg om fleire såkalla rekkefølgekrav i planane for området. Mellom anna gjeld dette krav om at Fjord Base må bygge ut ein god del offentleg infrastruktur som vegar med fortau og tekniske anlegg, og fundament for ei framtidig bru, før det nye området kan takast i bruk.

Rekkefølgekrava for 1. etappe av utbygginga av basen vil åleine koste basen 101 millionar kroner.

Dette har fått Igland til å skrive:

– Kostnaden av utbygginga av området er av ein slik størrelse at den i seg sjølv ligg i grenseland for å vere gjennomførbar i dagens markedsituasjon.

Igland legg til at kjem rekkefølgekrava i tillegg, vil det vere uråd å gjennomføre utbygginga med dei negative følgene dette vil få for basen og Flora.

Store investeringar

I 1. byggesteg skal det fyllast ut og planerast 160 dekar for utleige nordvest for dagens baseområde. Berekna kostnad for denne delen av prosjektet åleine er kring 200 millionar kroner. I tillegg kjem ei bru kalkulert til 46 millionar kroner.

Igland viser og til dei dramatiske endringane for olje- og gassektoren i Norge, med låge prisar og redusert aktivitet.

«Slike svingingar har vi og hatt tidlegare. Aktiviteten vil nok ta seg opp att etter kvart. Men det vil utvisomt vere sterkt fokus på kostnader i framtida.»

Då vert det viktig at basen får sjanse til å utvide arealet til ein pris som gjer den konkurransedyktig og klar til å møte ein ny auke i aktivitet, meiner INC-sjefen.