Gå til sidens hovedinnhold

Byggjer ny fôrbåt til 140 millionar

Artikkelen er over 6 år gammel

Shippingmiljøet i Førde tek stadig nye steg i utvikling av båtar og utstyr.

No har Oro Shipping AS bestilt ein ny kombibåt som skal gå i frakt for fiskefôrfabrikken EWOS i Florø. Båten skal byggast i Holland, til ein pris på 140 millionar kroner, skriv Firda.

– Vi rir vidare på suksessen med kombikonseptet, seier fraktebåtreiaren Ove Vilnes til avisa.

Artic Junior

Bak Oro Shipping står Rune Førde, Thomas Lekva og Artic Group AS ved Ove Vilnes. Dei oppretta selskapet i 2011 og kjøpte fôrbåten Artic Senior for 20 millionar.
No vil selskapet altså utvide flåten ved å kontrahere eit nybygg som får namnet Artic Junior – men junior berre i namnet. Den nye båten vert 70 meter lang, mot senior sine 48 meter.
Med nykontraheringa vil Artic Group sitte med ein flåte på seks fôrbåtar i frakt for EWOS på norskekysten. Talet på tilsette vil auke med 12 til vel 70, av desse 10 faste lærlingar og ein administrasjon i Førde på fem personar.

Inneverande år vil omsetninga komme opp i 130 millionar.

Solide overskot

Oro betyr gull, og Lekva og Førde uttalte med ei smil i eit Firda-intervju i 2011 at dei gjekk for gull. Dei ser ut til å ha sine ord behald. Både i 2012 og 2013 omsette Oro Shipping for nesten 16 millionar og med overskot før skatt på 4 og 3,2 millionar kroner.

– No går vi for diamantar, gliser Ove Vilnes om nykontraheringa.
Den blir ein vidareutvikla modell av suksessen Artic Fjell som Artic Shipping fekk overlevert i oktober i fjor.

Den 70 meter lange fôrbåten Artic Fjell er den einaste i sitt slag i heile verda, og eit resultat av eit 15–16 år langt samarbeid mellom Artic Shipping, EWOS og etter kvart Oro Shipping.

Revolusjon

– Vi har revolusjonert fiskefôrtransporten, seier Vilnes.

I 2004 hadde dei utvikla første fiskefôrbåten som kunne laste og losse i bulk. Etter kvart begynte dei å spinne ideen om ei jamnare utnytting av båtane over året.
Om vinteren, når fisken veks minst, er det overkapasitet på frakt av fôr til oppdrettsanlegga. Fôrfabrikkane må på si side ha inn råvarer heile året – soya, fiskemjøl og kveite.
 
Løysinga blei ein båt som kan frakte ferdigvare om sommaren og skifte til råvarefrakt om vinteren. Kombibåten Artic Fjell blei utvikla i lag med Multi Maritime i Førde.
 
– Båten har vore ein suksess. Sidan Artic Fjell blei levert i oktober har han frakta 16.000 tonn råvarer, fortel Vilnes.

Å bestille ein 3000 tonnar for å frakte råvarer frå Tyskland til Florø kan eksempelvis koste 900.000 kroner. Om EWOS kan sette inn i fiskefôrbåt som ligg i opplag, er det pengar spart. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for alle.
 
– Det er ingen andre reiarar som gjer dette, fastslår karane, som no altså har ein ny kombibåt under bygging.

Artic Junior, som skal leverast i april neste år, blir ei vidareutvikling som inkluderer sideport på skipet, har styrhuset bak og har eit bulk lossesystem som er utvikla og skal leverast av Atløy Båt & Marina, fortel reiarane.

Delte oppgåver

Dei skal sjølv ha hand om byggeleiinga. Dei meiner det er viktig at denne kunnskapen finst i Sogn og Fjordane.

Førde og Lekva er tilsett i Artic Shipping og har hand om den daglege drifta av båtane.
 
– Veldig kjekt. Har du ein eigardel, får du ein annan innfallsvinkel, seier dei to.

Vilnes har mest merksemd på nybygging, finans og innovasjon.

– Eg glad for å ha dei to til å drive butikken, seier Ove Vilnes.