Attende til lausarbeidarsamfunnet?

LO-leiar Gerd Kristiansen og Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson er rykande ueinige.

LO-leiar Gerd Kristiansen og Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson er rykande ueinige. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I går demonstrerte fagrørsla mot Frp- og Høgre-regjeringa sine endringar av arbeidsmiljølova.

DEL

«Oppmjuking», seier arbeidsminister Eriksson og prøver å høyrast ut som ei sosionom-tante frå 1970-talet (eg kan seia slikt, for eg er sosionom!) – «oppmjuking.» Og så det store mantra nummer to: «Modernisering.» Det har liksom høgresida monopol på, skjønar vi: «Modernisering.»

Underforstått er det slik at det er høgresida som sit med morgondagens løysingar for arbeidslivet, vi frå venstresida er i lomma på eit stivbeint og formyndersk LO som motset seg alle endringar. Med på laget har høgresida sjølvsagt NHO og dei, næringslivstoppar i fleng – og så partiet Venstre, som har svalt høgresidas perverterte fridomsbegrep med agn og søkkje. Det er individets fridom, såkalla. Individet i eit slags fornuftens arbeidsliv som ikkje skal avgrensast at rigid, sentralisert fagforeiningsmakt.

Venstre har til og med fått seg til å snakka ned streikeretten – og så dei som skal vera faneberarar for eit liberalt demokrati! Viss ikkje organisasjonsretten er grunnleggjande i eit liberalt demokrati, då skjønar eg ikkje noko, eller kanskje Venstre synest det er OK med fagforeiningar viss dei ikkje vert for sterke og nasjonale? Nett som høgresidas våte draum om fagrørsla?

Arbeidsmiljølova er ei vernelov som både skal hindra utnytting og at tilsette går med på å driva rovdrift på seg sjølve. Endringsforslaga frå Høgre og Frp har ingenting mjukt med seg, anna enn «oppmjuking» sett frå arbeidsgjevarsynsstad, som til dømes at såkalla fleksible arbeidstider vil føra til meirarbeid og overtidsarbeid utan kompensasjon. Vi veit at lengda på arbeidsdagen påverkar den einskilde si helse. Lengre arbeidsdagar og mykje overtid aukar fåren for feil, ulukker – og auka helseplager.

Regjeringa vil at det skal verta fleire mellombels tilsette og auka bruk av innleigd arbeidskraft. Arbeidsministeren opnar også for at vikarar kan tena mindre enn fast tilsette. Dette er å institusjonalisera sosial dumping, spør du meg! Konsekvensane av å vera mellombels tilsett er i praksis ikkje å ha oppseiingsvern, dårlegare løn og overtidsbetaling, inga regulert arbeidstid og svekka permisjonsrettar. Den mellombels tilsette får ofte sine tilsetjingsperiodar avslutta før jul og påske – det gjev «fri», men ikkje løn.

Det organiserte, regulerte norske arbeidslivet som har gjeve dei fleste her i landet ei løn å leva av, og råd til å kjøpa eigen bustad, det arbeidslivet vil regjeringa løysa opp. Det er i ferd med å skje ei femdeling: 1) Den eine gruppa har tariffavtalar og ordna arbeidsforhold. 2) Gruppe to jobbar rundt minsteløn. 3) Gruppe tre vert løna under tarifferte minstelønssatsar. Det er ikkje forbode med mindre tariffavtalen for området er allmenngjord. 4) Den fjerde gruppa jobbar svart. 5) Den femte gruppa er registrert som personlege firma – og går under radaren for lov- og avtaleverk. Dei fire siste gruppene er så store at dei set under press dei områda som har tariffavtale.

Fleire mellombels tilsette vil gje fleire lausarbeidarar og utrygge arbeidsplassar. Den som har mellombels jobb, får knapt lån til bustad. Det har allereie mange fått røyna. Fleire mellombels tilsette gjev færre fast tilsette, og ikkje fleire jobbar, men auka konkurranse om jobbane. Dei som treng litt drahjelp for å finna jobb, vil bli fortrengde. Difor er også Funksjonshemmas Fellesorganisasjon mot fleire mellombelse stillingar, sjølv om regjeringa brukar både funksjonshemma og unge som argument for at «midlertidighet» vil gjera det lettare å få fotfeste i arbeidsmarknaden. Regjeringa snakkar mot betre vitande, for medisinen deira er utprøvd før: I Frankrike var 83,7 prosent av alle tilsetjingar i siste kvartal i fjor mellombelse. I Tyskland aukar såkalla fleksible tilsetjingar – og ein fjerdedel av alle tilsette vert løna under 9,15 Euro for timen.

H/Frp-regjeringa vil ha lengre arbeidsdagar, forverring av heimevaktordninga – og forbunda sin godkjenningsrett for ekstreme og helseskadelege ordningar skal fjernast. Erna Solberg og Robert Eriksson vil ha meir sundagsope, nærast kosta kva det kosta vil, og sjølv om jamvel arbeidsgjevarsida er usamde med dei. Kampen om sundagen er i full gang, med ei regjering som KrF har vore med og innsett. «Thank the unions for the weekend!» heiter det. Ja, og Vårherre for sjølvaste kviledagen. No står fagrørsla og kyrkja skulder ved skulder for å berga sundagen som sundag. Det er ikkje gammaldags, stivbeint eller formyndersk.

Høgresida snakkar jamt om effektivitet som eit mål i seg sjølv. Vel: Bygg- og anleggsbransjen viser at dess fleire useriøse bedrifter, dess lågare produktivitet. Og meir sosial dumping. Og fleire arbeidsulukker.

Høgre og Frp vil eit nyliberalt Noreg. Eitt rått døme i så måte er at arbeidsminister Eriksson vil anbodsutsetja – til kommers – alle attføringstiltak for sjukemelde, arbeidssøkjande og personar med nedsett arbeidsevne. Jamvel NHO synest det er å gå for langt!

Arbeidsmiljølova er arbeidslivets grunnlov og var verdas fyrste i sitt slag. Lova var – og er – framtidsretta og styrkjer dei tilsette sitt stillingsvern og deira arbeidstilhøve mot brutalisering og einsidig arbeidsgjevarmakt. Det finst ingenting framtidsretta ved lausarbeidarsamfunnet. Lausarbeidarsamfunnet høyrer ikkje heime i eit moderne arbeidsliv. Arbeidsmiljølova gjer. Takk og lov at ei heil fagrøsle slår ring om lova på tvers av alle organisasjonsgrenser. Framtidas Noreg har ikkje råd til å tapa Arbeidsmiljølova!

LES OGSÅ: TRENG EI ARBEIDSMILJØLOV FOR FRAMTIDA

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags