Bedrifter i vest vil få svi

Knut Arild Hareide og Trine Skei Grane bør støtte regjeringen sitt forslag om å kutte i formuesskatten, mener NHOs regiondirektør i Sogn og Fjordane.

Knut Arild Hareide og Trine Skei Grane bør støtte regjeringen sitt forslag om å kutte i formuesskatten, mener NHOs regiondirektør i Sogn og Fjordane. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Små og mellomstore bedrifter vil merke at det blir vanskelegare å skape verdiar og arbeidsplassar om ikkje formuesskatten vert kutta, skriv NHOs regionsdirektør i Sogn og Fjordane.

DEL

Kristeleg Folkeparti har lagt fram sitt alternative statsbudsjett, og det lovar ikkje godt for bedriftene og verdiskapinga. Og her snakkar eg først og fremst om partiet sin uvilje til å støtte regjeringa sitt framlegg om å kutte noko i formuesskatten.

Signal tyder dessutan på at Venstre heller ikkje kjem til å ville gå for regjeringa sitt framlegg, sjølv om partiet før valet var klinkande klar på at kuttet i formuesskatten var svært viktig for næringslivet. Venstre vil behalde skatteprosenten på same nivå som i dag og heller heve botnfrådraget. Eit godt forsøk på å ta grep, men problemet er at dette ikkje vil vere optimalt i høve til det behovet næringslivet vårt har for nye investeringar og etablere fleire arbeidsplassar.

Dersom dette blir ståande, vil ikkje minst små og mellomstore bedrifter på Vestlandet få merke at det blir vanskelegare å skape verdiar og arbeidsplassar framover. Dette er då også fleire av medlemsbedriftene våre krystallklare på. Dei ønskjer heller å investere i nytt produksjonsutstyr og skape fleire jobbar, enn å måtte betale ein skatt som tappar selskapa for pengar, ja, som også tappar dei for pengar dei gjerne ikkje har på grunn av at bedrifta går med underskot. Då må dei i så fall ta opp lån for å betale skatten.

Medlemsbedriftene våre reagerer også på at formuesskatten er svært konkurransevridande; den favoriserer utanlandsk eigarskap: Ei utanlandskeigde bedrift slepp nemleg å betale formuesskatt, sjølv om den ligg side om side med ei konkurrerande norskeigd bedrift i Florø, Askøy eller Kristiansund. Berre dette burde få KrF og Venstre til å tenkje seg om!

I ei tid då vi ser at pilene peikar nedover i fleire av næringane vi her i fylket lenge har vore sterke på og hatt vekst i, ikkje minst innan leverandørindustrien til petroleumsnæringa og transportnæringane, er det spesielt viktig at alle rammevilkår blir optimaliserte. Det KrF og Venstre no gjer framlegg om i sine alternative budsjett er det stikk motsette.

Sjølv om begge parti veit at formuesskatten hindrar verdiskaping og jobbetablering, og sjølv om dei har lova reduksjon før førre stortingsval, går dei no for det motsette. Det beklagar eg, ikkje minst på næringslivet på Vestlandet sine vegner. Men eg håpar samstundes at dei to partia vil sjå tilbake på sine lovnader og heller gje eit bidrag til verdiskapinga og investeringslysta til bedriftene enn å stikke kjeppar i hjula. Venstre og KrF må snu i denne saka!

Det er nemleg verdiskapinga i bedriftene som er grunnlaget for staten sine skatteinntekter. Dette skjer på fleire måtar. Enten direkte gjennom skattlegging av selskapsoverskot, eller indirekte gjennom skattlegging av lønsinntekter, eigarinntekter, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift. Bremsar verdiskapinga i næringslivet, bremsar sjølvsagt også skatteinngangen opp.

Formuesskatten bremsar verdiskapinga i næringslivet på tre måtar.

  • For det første premierer formuesskatten forbruk framfor sparing, på grunn av høg effektiv marginalsats. Sparing er nødvendig for å danne ein tilstrekkeleg kapitalbase for økonomisk verksemd. Difor bør satsen reduserast, slik regjeringa har foreslått i framlegget sitt til statsbudsjett. Det er til dømes ingenting som tilseier at auka botnfrådrag gir betre omfordeling eller er spesielt gunstig for små eller nystarta verksemder.
  • For det andre premierer formuesskatten formueplassering i bustad, eigendom, kunst, bilar, båtar og anna uproduktiv kapital, framfor bankinnskot, aksjar og produksjonsutstyr i bedriftene, område som fremjar verdiskaping, trygging av bedrifter og etablering av endå fleire arbeidsplassar. Dette skuldast skeive likningsverdiar.
  • For det tredje premierer formuesskatten risikoaversjon framfor risikovilje og nyskaping, samanlikna med ein inntektsskatt som medlemene våre gjerne betaler. Denne effekten åleine gjer til at det kostar samfunnet over to kroner å drive inn éi krone i formuesskatt frå ikkje-børsnoterte selskap, ifølgje ein fersk studie frå NHH.

Det er difor verken god butikk for staten, eller gunstig for verdiskapinga i samfunnet, å finansiere velferdsstaten gjennom formuesskatt. Det veit både KrF og Venstre, og eg forventar at dei handlar deretter i den vidare budsjettprosessen.

Det mest vanlege argumentet for formuesskatt er at ein her «tek» frå dei rike og «gir» til dei fattige. Men like lite sant som at Gjest Bårdsen Sogndalsfjæren praktiserte dette prinsippet, like lite sant er det at innretninga på formuesskatten gjer det. For fattige får det berre betre om inntekta aukar, anten i form av lønsinntekt eller overføringar.

Då hjelper det lite om formuesskatten gjer at det både blir mindre til overføringar og mindre i lønningsposen. Svekka verdiskaping hjelper sjølvsagt ingen, verken på Vestlandet eller elles i landet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags