– Kva med yrkesfaga?

Regjeringa følgjer  ikkje opp samferdselssatsinga med ein tilsvarande satsing på yrkesfaga, skriv Paul Olaf Baraas i dette innlegget.

Regjeringa følgjer ikkje opp samferdselssatsinga med ein tilsvarande satsing på yrkesfaga, skriv Paul Olaf Baraas i dette innlegget. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Solberg-regjeringa sitt statsbudsjett for 2015 inneber ei rekkje positive prioriteringar sett frå anleggsbransjen sin ståstad, skriv Paul Olaf Baraas i dette innlegget.

DEL

Kronikk I alt løyver regjeringa i underkant av 55 milliardar kroner til samferdsel, noko som er ein auke på om lag fem milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2014.

For riksvegane betyr dette blant anna at det no endelig kan late seg gjere å redusere vedlikehaldsetterslepet, noko som ikkje er tilfelle for fylkesvegane.

Innsatsen er etterlengta, og entreprenørane står klare til å ta fatt på arbeidet. Ein intensivert innsats retta mot forfall og flaskehalsar vil ikkje berre betre trafikantane sin tryggleik, men også styrke konkurranseevna til norsk næringsliv.

Meir negativt er det at regjeringa ikkje følgjer opp samferdselssatsinga med ei tilsvarande satsing på yrkesfaga. I regjeringserklæringa står det at regjeringa vil gjennomføre eit yrkesfagløft.

Med unnatak av å styrke kompetanseutviklinga av yrkesfaglærarane med åtte millionar kroner, vert ikkje denne målsettinga følgd opp med nødvendige løyvingar i statsbudsjettet for 2015.

Det var grunn til å være optimistisk i forkant av framlegginga av budsjettet. Yrkesfaga har vore mykje omtalt i den seinare tid. Søkjarnedgang og auka fråfall har vore gjennomgangstonen i debatten, og det offentlige ordskiftet har vore prega av brei semje om at fagutdanninga må styrkast. No ser det ut til at yrkesfagløftet blir sett på vent.

Fagutdanninga er i dei fleste tilfelle todelt, ved at eleven gjennomfører sin utdanning både på skule og ute i næringslivet. Eit løft for yrkesfaga er difor avhengig av at kvaliteten på utdanninga i skulane blir heva, samtidig som vi fortsatt klarar å rekruttere lærebedrifter.

I motsetning til mange andre yrkesfag har anleggsfaga opplevd ein vekst i søkjartala i dei siste åra. På landsbasis er utfordringa manglande skuleplassar, ikkje rekrutteringssvikt. Vår klare oppfordring til regjering og Storting er at det må leggast til rette for at skuletilbodet betre kan tilpassast etterspurnaden etter fagutdanning frå næringslivet. Skal dette skje, må økonomien til dei vidaregåande skulane styrkast, og finansieringa av kostbare fag, som anleggsfaga, bli meir føreseieleg.

Vidare må fellesfaga tilpassast yrket fagutdanninga skal resultere i, og skulane må få tilført tilstrekkelig med ressursar slik at krava i læreplanane faktisk blir nådd. I tillegg må lærlingtilskotet som bedriftene mottar betre tilpassast bedriftenes kostnadar.

Ei styrka fagutdanning vil gje eit meir seriøst og produktivt næringsliv. Vi forventar meir frå regjeringa i budsjettforhandlingane fram til endeleg budsjett vedtak.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags