Løft fram ein lærling

Anita byrja som lærling, og er no fagansvarleg på rekneskap i OBOS Stor-Bergen.

Anita byrja som lærling, og er no fagansvarleg på rekneskap i OBOS Stor-Bergen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Anita begynte som lærling. I dag er ho fagansvarleg på ei rekneskapsavdeling. Anne Gine Hestetun vil høyre fleire slike glade historier, men då må ein trø til i eit løft for lærlingane.

DEL

Leder Mange elevar fell frå på vegen gjennom den vidaregåande skulen. Av dei 63.000 elevane som starta på ei vidaregåande utdanning i 2008, hadde nær ein tredjedel ikkje fullført fem år seinare. Det er ei stor utfordring, sjølv om talet på elevar som nådde studie- og yrkeskompetanse auka med to prosentpoeng frå 2012 til 2013.

Problemet er størst i yrkesfaga – og særleg stort blant unge menn. Mellom dei som i 2008 starta grunnkurs på yrkesfagleg utdanning, fullførte berre 56 prosent av mennene og 60 prosent av kvinnene.

Vi veit at utdanningsnivå hjå foreldra og karakternivå frå grunnskule kan ha ein innverknad. Det fins også andre faktorar, men ingen av desse skal tillata oss å overlata ungdomane til seg sjølve. Det er ingen tvil om at det både for den enkelte elev og for samfunnet, er best om kvar enkelt lukkast med eit utdanning som dei trivst med.

Fag- og yrkesopplæringa er ein viktig bærebjelke i det norske samfunnet. Mange næringar er heilt avhengige av den yrkesfaglege kompetansen. Velferdssamfunnet vårt treng faglærte innan ulik tenesteyting. Vidaregåande skule har sjølvsagt ei sentral rolle, men ein må også ha mange læreplassar for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma både i privat verksemd og i det offentlege.

LO og NHO har innsett dette og difor inngått ein felles samfunnskontrakt. Saman med norske styresmakter pliktar partane å forankra fagopplæringa i alle relevante sektorar. Dei som ønskjer det, skal få lærekontraktar. Partane har talfesta eit mål: Talet på godkjende lærekontraktar skal aukast med 20 prosent frå 2011 til 2015. Målsetjinga er djerv og ambisiøs, og resultatet så langt temmeleg nedslåande.

Her i Hordaland kan ein innan utvalde bransjar – bygg og anlegg, teknikk og industriell produksjon, elektrofag og helse- og sosialfag – skilta med ein auke på to prosent frå 2011 til 2013. Rogaland har på si side fått til ein auke på 13 prosent. Her ser det ut til at ein kan læra noko.

I Hordaland har kommunar som Austrheim, Lindås, Vaksdal og Fitjar fleire nye lærekontraktar i 2013 enn i 2011. Store kommunar som Fjell, Askøy og Voss kjem dårlegare ut. Bergen ligg på ein desidert jumboplass, med 27 færre lærekontraktar i 2013 samanlikna med 2011.

Mange undrar oss over kva som skal til for å snu denne utviklinga til noko positivt. Eg trur svaret er enkelt: Ein må rett og slett ha vilje til å lukkast. Då spør me ikkje om ei bedrift ønskjer lærlingar, men kor mange lærlingar dei kan ta. Då er det ein føresetnad at fleire verkemidlar er på plass, mellom anna tilskotsordningar til læreverksemdene.

Det offentlege bør dessutan ha ein offensiv innkjøpspolitikk og stille krav om lærlingklausular hjå alle dei handlar med. Om fleire leverandørar har lærlingar i arbeid knytt til utføring av kontrakten, medverkar dei til å nå målet. Det kjem ungdom direkte til gode.

Til dagleg arbeider eg i OBOS Stor-Bergen. Me kan ikkje skryta på oss at me har hatt ein offensiv rekruttering av lærlingar. Eg trekkjer likevel fram ei gladhistorie frå eiga verksemd.

Anita byrja hjå oss som lærling i kontorfag for mange år sidan. Ho fullførte med glans, og fekk snart større oppgåver. Med vidare utdanning i kombinasjon med full jobb, er ho i dag ein solid fagansvarleg på rekneskap. Anita fekk si utdanning og erfaring, me fekk ein solid arbeidstakar.

Slike forteljingar vert det mange av dersom vi som leiarar i næringslivet og i offentleg sektor er medvitne og ser dei sjansane som byr seg. For verksemdene vert det eit vinnarprosjekt, samstundes som me gjer ungdom ein brukande veg mot ei skikkeleg utdanning.

Lat oss i fellesskap slå eit slag for lærlingeløftet!

Anita fekk si utdanning og erfaring, me fekk ein solid arbeidstakar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags