– Slik kan vi ikke ha det lenge

Ras stengte vegen ved Stanghelle i 12 døgn i april 2013.

Ras stengte vegen ved Stanghelle i 12 døgn i april 2013. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Hovudvegen mellom Noregs to største byar er eit nasjonalt prosjekt, skriv ordførarane på Voss og i Vaksdal.

DEL

Kronikk Vossabanen er viktig i eit regionalt perspektiv og i eit nasjonalt perspektiv.

Vegen er ulukkesutsett. Fartsreduksjon og mindre tiltak har hindra auke i ulukkesstatistikken – enn så lenge.

Ras stengte vegen ved Stanghelle i 12 døgn i april 2013

Flom stengte jernbanen i ei veke i okt/nov 2014. Reisande frå Bergen til Voss måtte reisa med tog til Dale, vidare med buss til Bulken og tog frå Bulken til Voss.

Slik kan me ikkje ha det lenge.

E16 er for tida stengt for tunge køyretøy ved Skorve i Voss kommune. Omkøyring på enkel kommunal veg for lettare køyretøy. Omkøyringfor tunge køyretøy er om Hardanger. Som eit strakstiltak vert det arbeidd med å få på plass ei provisorisk militærbru.

Slik kan me ikkje ha det lenge.

Heilt nødvendige og gode utbetringar av Stavenestunnelen, Stanghelletunnelen og Stanghellekrysset har hemma normal trafikk i eitt år. Likevel sit me att med ein gamal veg. Trafikken – og særleg tungtrafikken – har vekse frå vegen.

KVU for veg og bane mellom Arna og Voss ligg no hjå regjeringa.

Regionvegsjef Helge Eidsnes har slått fast at E16 på denne strenkninga er den vegen i Noreg som har størst behov for utbetring. Utdaterte tunnelar, svingete veg, stort sprang i standard og kvalitet

Delar av Vossabanen køyrer på trase frå 1880-talet mellom Trengereid og Takvam.

No må regjeringa visa handlekraft og velja trase. Jernbaneverket og Statens vegvesen har lagd fram eit konsept (K5) som sikrer ei parallell utbygging og drift. Konseptet legg og opp til ei etappevis utbygging som gjer at prosjektet kan finansierast over fleire år.

Vaksdal og Voss kommunar vil gjerne hjelpa regjeringa med å få på plass ein sikker E16 og ein moderne Vossabane snarast råd er.

Det er viktig å få avklart kor trasen skal gå slik at planleggeing etter plan- og bygningslova kan koma i gang.

Heilt nødvendige og gode utbetringar av Stavenestunnelen, Stanghelletunnelen og Stanghellekrysset har hemma normal trafikk i eitt år. Likevel sit me att med ein gamal veg. Trafikken – og særleg tungtrafikken – har vekse frå vegen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags