Dette misliker personal- og administrasjonsdirektør Trine Samuelsberg i den private barnehagekjeden Kidsa: «Jeg ønsker større handlingsrom når vi ansetter barnehagestyrere. I dag er det eneste kravet at man har pedagogisk utdanning, og det er selvsagt viktig. Men dagens barnehager er så ulike i størrelse at det ofte er behov for mer lederkompetanse.»

Utdanningsforbundet Bergen er sterkt kritisk til implikasjonane av dette utsagnet, og vil argumentere for at å lempe på pedagogkravet kan redusere kvaliteten på barnehagetilbodet.

Ein kan sjå på Trine Samuelsberg sitt utsagn som uttrykk for eit oppriktig ønske om å få fleire gode folk å velge i, men det kan og signalisere ein skepsis til at barnehagelærarar kan bli gode leiarar. At Samuelsberg prioriterer marknadsføring framfor pedagogikk i sine leiar-preferansar minner oss på at Kidsa Barnehager trass alt er ein kommersiell aktør i barnehageverda.

Å vere leiar i dag i ei kunnskapsverksemd som barnehage eller skule er ei svært samansett og krevjande oppgåve. I utdanningsløpet frå barnehage til høgskule vert det stilt omfattande krav til både pedagogisk dømmekraft, organisering av mangfaldige kollegiegrupper og systematisk administrasjon og økonomistyring.

Vi har lenge hatt ein trend med omsyn til val av leiarar som er basert på at å velje ein leiar utan tilknyting til fagfeltet kan ha avgjerande føremoner. Det signaliserer eit negativt syn på det at ein leiar identifiserer seg med profesjonen som skal leiast.

Denne trenden er tufta på synet at «leiing» er eit sjølvstendig fagfelt, der ein med god leiarutdanning kan gjere ein god jobb i heilt ulike slag verksemder. Å ha ein leiar som ikkje er sentimentalt knytt til fagfeltet gjev ein leiar som kan utfordre tradisjon og etablert praksis med effektive grep. I ein leiar som er fristilt frå det faglige status quo har arbeidsgjevar skapt seg ein utførande funksjon som i mindre grad utfordrar påbod og rammer dei måtte komme med. Idiotar er dei nok ikkje, men nyttige, det er dei, i effektivitetens namn.

Ulike slag verksemder treng ulike slag leiing. Ei stor verksemd med mange tilsette innafor vareproduksjon er heilt ulik ei pedagogisk verksemd med 10-20 tilsette, der vi ikkje skal produsere ting for sal, men skape gode menneske. Kunnskapsverksemder kan og skal ikkje bli leia som spinneri under den industrielle revolusjon, og med 20 tilsette kan ein leiar ha ei heilt anna kontaktflate enn med 500. Det er ikkje naudsynt å styre mikro-verksemder som om det er megakonsern.

Professor Bård Kuvaas, som forskar på leiing, seier at det er avgjerande at leiarar i kunnskapsverksemder har ein tosidig lojalitet, ein lojalitet til både organisasjonen og til profesjonen. «Det er sterk profesjonslojalitet  blant for eksempel lærere, sosiologer, psykologer og forskere i forsknings- og utviklingsintensive organisasjoner innenfor de fleste bransjer. Derfor bør de fleste organisasjoner dyrke profesjonslojaliteten til sine medarbeidere» (DN, 9.11.2015)

Ein bakgrunn i leiing, administrasjon og økonomi vil då først og fremst ha profesjonslojalitet til dette fagfeltet. Den avstanden som er grunnlaget for handlekraft og tøffe avgjerder, kan og vere ein avstand som gjer at ein ikkje ser verdien i fagfeltet ein skal leie på same måte. Å ha personalansvar er og å kunne gå inn i profesjonetiske og faglige spørsmål i lag med dei du skal leie. Ein leiar skal og ha faglig ryggrad til å sortere og dimensjonere dei faglige forventningar og krav som verksemda får frå omverda. Utan ein leiar med kunnskap frå det feltet som skal leiast, blir alle pålegg like viktige, alle testar like avgjerande, og ein kan ende opp med å tære meir på dei menneskelige ressursane enn naudsynt.

Ein styrar i ein barnehage har saman med det øvrige pedagogiske personalet eit særleg ansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av barnehagen sine oppgåver og innhald. Styrar er også ansvarlig for å rettleie personalet slik at alle får ei felles forståing av barnehagen sitt ansvar og oppgåver. Styraren skal syte for at dei enkelte medarbeidarane får ta i bruk kompetansen sin til beste for barnehagen, barnegruppa og einskildbarnet. I dag fløymer markedet over av ulike pedagogiske program og pakkeløysningar for barnehagen. Korleis kan ein styrar utan eit profesjonelt skjøn og nødvendig kompetanse vurdere kva program som er hensiktsmessige å ta i bruk, og ikkje minst rettleie personalet i bruken av desse?

Vi treng difor leiarar som kjenner fagfeltet, veit kva det er å vere kunnskapsarbeider og som og kan fungere som ein som sorterer vesentleg frå uvesentleg.

Linda Lai, som og er professor i leiing ved BI Handelshøyskolen, seier at «Jeg mener det er en ubetinget fordel at ledere med direkte personalansvar har relevant fagbakgrunn. Det handler både om å forstå selve virksomheten, rollene som skal fylles, medarbeidernes spesifikke kompetanse, de konkrete utfordringene medarbeideren møter i sitt daglige arbeid, og ikke minst om å ha kredibilitet og troverdighet blant medarbeiderne.»

Trine Samuelsberg sitt utspel undergraver behovet for ein leiar sin kunnskap om pedagogiske prosesser, og det er lettare å bruke systemet vi har, enn å endre lovverk. Avslutningsvis blir det dermed litt vaksenopplæring for personal- og administrasjonsdirektørar:

Kunnskapsdepartementet har oppretta ei styrarutdanning for barnehagelærarar som ønskjer å bli leiarar. Dette er etter- og vidareutdanningstilbod som dei barnehagetilsette tek i arbeidstida, og som gjev 30 studiepoeng på masternivå. I Bergen er det Norges Handelshøgskule som gir tilbodet. I staden for å vende seg vekk frå eigne rekker for å rekruttere leiarar, kan Kidsa Barnehager legge til rette for at eigne tilsette kan ta slik utdanning. På den måten kan ein både ivareta og utvikle barnehagefagleg kvalitet og leiing på eit forsvarleg nivå.

I staden for at barnehageeigarar får lempa på regelverk, meiner Utdanningsforbundet at dei må følgje det vi har, eit regelverk som om ein følgjer det, sikrar kvalitet i barnehagen på alle nivå.