Denne mannen vil dela ut 150 millionar kroner

Hadde spanderbuksene på: Jan-Erik Kjerpeseth, administrerande direktør i Sparebanken Vest, lovar opp mot ei tredobling av gåvenivået til nordhordlandsregionen innan to år. Det vil bety pluss minus 20 millionar kroner til gode formål.FOTO: TROND ROGER NYDAL

Hadde spanderbuksene på: Jan-Erik Kjerpeseth, administrerande direktør i Sparebanken Vest, lovar opp mot ei tredobling av gåvenivået til nordhordlandsregionen innan to år. Det vil bety pluss minus 20 millionar kroner til gode formål.FOTO: TROND ROGER NYDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Jan-Erik Kjerpeseth lover opp mot ei tredobling av gåver frå Sparebanken Vest.

DEL

Sparebanken Vest har lang tradisjon med å gje vekk store deler av overskotet sitt til gode formål innan idrett, kultur og næringsliv.

Då administrerande direktør Jan-Erik Kjerpeseth opna Knarvikkonferansen tysdag, varsla han ei storstilt opptrapping i åra som kjem.

– Når vi ved utgangen av 2016er ferdig med å byggja eigenkapitalen som myndigheitene har pålagt oss, så ser eg for meg at vi innan to år kan liggja på mellom 100 og 150 millioner i året, noko som er eit betydeleg samfunnsbidrag, seier Kjerpeseth til Avisa Nordhordland.

Fekk 7,5 millionar i fjor

I fjor fordelte banken ut totalt 50 millionar til dei tre vestlandsfylka; Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nordhordlandsregionen innkasserte rundt 7,5 millionar av desse.

– Vi deler ut betydeleg i denne regionen i dag. Hvis vi framover i hvert fall kan doble eller kanskje til og med tredoble det vi kan bidra med i denne regionen , så er jo det ein god indikasjon, smiler Kjerpeseth, som dermed signaliserer pluss-minus 20 millionar til regionen.

Eit av arrangementa banken støttar er nettopp Knarvikkonferansen i regi Knarvikmila.

– Eg er imponert over arrangementet. Som sparebank ønskjer vi å skilla oss ut og bidra til denne typen ting. Vi skal vere katalysator som gjer at ildsjeler får realisera slike ting som dette. Det synes vi er kjempekjekt å vera med på, seier Kjerpeseth.

– Pengane doblar seg

Som dei fleste i norsk næringsliv, trur også han nedgangstidene vil halda fram.

– Eg trur vi går litt tøffare tider i møte. Hvis vi då kan bidra med små tiltak for å understøtta den omstillinga som kjem, så gjer vi gjerne det. Vi er med på ei rekkje områder innanfor næringsutvikling allereie i dag.

Nokon vil kanskje meine bankens gåver er heilt på sin plass. Første halvår i år auka banken resultatet med 105 millioner, til 705 millionar kroner.

– Vi driv ganske bra, vi. Vi har lågare kostnader enn vi hadde i fjor og jobbar for å være effektive, seier Kjerpeseth.

Frp-topp Gjermund Hagesæter var tilstades på konferansen og likar signala.

– Dette trur eg vil bety veldig mykje. Når banken bidreg på denne måten, viser det seg ofte at pengane doblar seg mange gonger. Dei skapar aktivitet og positive ringverknader som vi truleg ellers ikkje ville fått, seier han.

Knarvikmila-general Helge Brekke var eit einaste stort glis.

– Det er jo musikk i øyra til alle som driv frivillig arbeid!