Blir tøffare tider for riggverft

Det er tøffe tider for riggverfta. Bildet viser Borgland Dolphin ved CCB.

Det er tøffe tider for riggverfta. Bildet viser Borgland Dolphin ved CCB. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Hovudverftet til Westcon har fått inn ein Transocean-rigg til adventstida. Men det er tøffe tider i vente i bransjen.

DEL

I Ølensvåg blir det ikkje skikkeleg julestemning utan at ein borerigg lyser opp som eit juletre ved kaia hos Westcon Yards. Då «Transocean Spitsbergen» kom, blei det orden på juletradisjonane i år også.

- Vi høyrer stadig at riggane ved Westcon er eit landemerke folk legg merke til. Dette gjeld særleg i jula der dei store riggane lyser opp fjorden og minner om eit juletre. Vi er derfor ekstra glade for at «Transocean Spitsbergen» kom tidsnok til første søndag i advent og held juletradisjonen ved like, seier riggsjef Malvin Eide i Westcon Yards til Firdaposten.

VIKTIG AVTALE

«Transocean Spitsbergen» skal gjennomføre ei periodisk klassing, og er ein del av rammeavtalen Westcon har med Transocean.

- Gjennom rammeavtalen har vi hatt gleda av å jobbe langsiktig med Transocean, noko vi meiner er eit godt bevis på vår posisjon innan riggtenester i Nordsjøen. Avtalen har vore viktig for Westcon, seier Eide.

Når det gjeld Florø-verftet, så har verksemda per i dag litt arbeid med nokre modular som skal monterast om bord i ein rigg til våren. Kystverket jobbar med utviding av leia i Florø.

- Riggkaia på Florø-verftet er ikkje ferdig enno, seier Malvin Eide.

PÅVERKA AV KOSTNADSKUTT

Riggvedlikehaldsmarknaden blir naturlegvis påverka av at Statoil og andre oljeselskap kuttar kostnader og at oljeprisen er på veg nedover.

- Ein del riggar går no i opplag eller blir sendt ut av norsk sokkel, avsluttar Eide.

I år har utanlandske verft blitt ein seriøs konkurrent til dei norske. I mars gjekk ein stor riggjobb til Invergordon-verftet i Skottland og etter at CCB sikra seg klassing av søsterriggen Borgland Dolphin, stod det berre ein stor jobb att å kjempe om i Norge i 2014, ifølgje Offshore.no.

Svein Ziegler, analytikar for RS Platou Offshore, trur nedturen i riggmarknaden kjem til å vare til 2016. Og det vil ta tid før innteninga kjem opp att på det nivået var for for eit par år sidan.

GLOBAL NEDGANG

Nedgangen gjeld ikkje berre norsk sokkel. Det er eit globalt mønster, og norsk sokkel ser ut til å vere minst like hardt råka som dei andre.

Alf Ragnar Løvdal, administrerande direktør i North Atlantic Drilling, trudde ikkje at marknaden skulle bli så ille som no.

– Det er stille på riggmarknaden no, og det ser ut til å vere slik til inn i 2016. Vi tek riggane til andre soklar viss vi kan. Det er to år sidan vi begynte å jobbe med dette, men då trudde vi ikkje det skulle bli så gale som no.

Artikkeltags