– Flyttar ikkje oljeaktivitet nordover

Sigurd Øistein Døsen er Statoil sin forsyningssjef i Florø.

Sigurd Øistein Døsen er Statoil sin forsyningssjef i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Verken Vestbase-direktøren eller Statoil sin forsyningssjef i Florø avviser at aktivitet vert flytte nordover etter tildleinga av basekontraktar.

DEL

– Ingen må tru at Vestbase og NorSea Group kjem til å flytte aktivitet frå Florø. Det er ikkje tilfelle, og det kan dei heller ikkje gjere, seier Sigurd Øistein Døsen i Statoil til Firdaposten.

STATOIL AVGJER

Fleire har kontakta han og vore urolege for dette, etter at det onsdag sist veke vart klart at NorSea Group gjennom dotterselskapet Vestbase i Kristiansund vann anbodet på røyrhandteringa og lagertenestene i Florø.

– Det er Statoil som oppdragsgjevar som avgjer kva aktivitet som skal vere i Florø. NorSea Group berre utfører oppdraget for oss. I prinsippet skal dei utføre den same aktiviteten som Saga Fjordbase ville utført om dei hadde blitt tildelt kontrakten, presiserer Døsen.

REKRUTTERER I FLORØ

Vestbase-direktør Alf G. Dahl i Kristiansund avviser også at dei kjem til å flytte aktiviteten nordover.

– Vi vil ha ansvaret for å levere det vi pliktar oss til i Statoil-kontrakten. Ressursane vi treng for å gjere dette vil vi rekruttere primært i Florø. Det er nok av kompetanse å ta av lokalt, seier han til Firdaposten.

Allereie dagen etter at det vart klart at dei vann kontrakten på lagerdrift og røyrhandtering var Dahl i Vestbase på besøk til Saga Fjordbase i Florø.

– For vår del er det mykje nytt som må kartleggast før vi tek til med kontrakten frå 1. juli. Vi hadde eit behov for å sette oss kring bordet og snakke med dei som har oppgåvene for Statoil i dag. Vi kom fram til at begge partar var best tent med å ha eit godt samarbeid, seier Dahl.

– Vil Saga Fjordbase utføre arbeidet for dykk her i Florø?

– Sånne ting må vi komme attende til. Vi er altfor tidleg i prosessen til å seie noko definitivt. Vi har behov for interntid for å finne ut korleis vi best kan utføre kontrakten for Statoil, men eg vil peike på at vi ønsker å vere ei bedrift som er til stades i Florø, samstundes som vi ønsker eit godt samarbeid med lokale aktørar, seier Alf G. Dahl.

GJER TING ANNLEIS

Dahl meiner det var måten dei driv på som gjorde at dei vann to av tre deler av Statoil-kontrakten i Florø.

– Vi har ei sterk forankring i NorSea Group AS, der det er samla ein god del ressursar og erfaring som vi dreg nytte av, seier Alf G. Dahl i Vestbase AS.

– Ikkje minst har vi ei samhandling mellom basane vi driv, som også vil komme Florø til gode no. Vi jobbar på tvers av basane og prøver hente ut viktige erfaringar som vi kan nytte i alle ledd. Det har Statoil vektlagt i kontraktstildelinga. NorSea Group kan bidra til å effektivisere og rasjonalisere på tvers av basene, seier Dahl.

Artikkeltags