Her blir det varme hallar heile vinteren

Westcon sitt verft i Florø er sikra subsea-arbeid i alle fall fram til andre kvartal 2015.

Westcon sitt verft i Florø er sikra subsea-arbeid i alle fall fram til andre kvartal 2015.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Westcon Yards Florø skal produsere subseautstyr for EMAS ANC fram til andre kvartal 2015.

DEL

Det stadfestar prosjektleiar for Westcon si subseasatsing, Steinar Matre, overfor Firdaposten.

– Det er full fart i hallane i Florø no om dagen – det kjem til å vere varmt i hallane heile vinteren, seier han.

GLOBAL KUNDE

Kor mykje kontrakten med EMAS ANC tyder for selskapet i kroner og øre, vil ikkje Matre ut med, men han stadfestar at det er ei nokså stor subseakontrakt for selskapet som heilskap.

– Det er ei stor oppgåve i ordreboka vår, seier han.

Det Singapore-baserte EMAS ANC er ein global offshorebedrift som leverer integrerte offshoreløysingar til olje- og gassindustrien.

Westcon Yards Florø skal produsere subseautstyr som reiserar, sugeanker i tillegg til andre, meir teknisk avanserte installasjonar for dette selskapet.

Utstyret skal deretter installerast på Ivar Aasen-feltet på sokkelen vest av Stavanger.

GOD MARKNAD

Dette oppdraget vil, om kunden er nøgd med kvaliteten, generere meir subsea-arbeid i Florø, meiner Matre.

– Det opnar så absolutt for nye kundar, seier han og presiserer at marknaden er særs god for subseakontraktar for tida.

– Det er ein veksande marknad, med mange mulegheiter for både store og små prosjekt. Jobben framover no blir å sikre oss nye kontraktar i Florø frå og med mai neste år, men eg har trua på at vi skal klare det, seier Steinar Matre.

Om det ser lyst ut med tanke på subseakontraktar, er framleis riggsatsinga i Florø på vent.

– I alle fall fram til kaifasilitetane er på plass. Det må på plass først, seier avdelingssjef rigg Malvin Eide ved Westcon Yards.

Artikkeltags