Klar for 20 års innsats

Like over det gule skiltet på skipssida er «turreten», eller navet, som gjer at Petrojarl Knarr kan rotere etter vindretninga men samstundes halde seg stille.

Like over det gule skiltet på skipssida er «turreten», eller navet, som gjer at Petrojarl Knarr kan rotere etter vindretninga men samstundes halde seg stille. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I 20 år skal «Petrojarl Knarr» pumpe opp olje frå Nordsjøen. Ein eigen innretning gjer at skipet kan ligge heilt i ro, uansett ver.

DEL

Det kokar av aktivitet ved BG Norge sitt avdelingskontor på oljebasen i Florø. Ikkje mindre hektisk er det på Teekay sitt flytande produksjonsskip «Petrojarl Knarr», som no blir ankra opp over Knarr-feltet 65 nautiske mil utanfor Bremanger. Der skal den ligge i minst 20 år framover og pumpe opp olje, og skape mykje ny aktivitet ved oljebasen i Florø, skriv Firdaposten.

DRIFTSORGANISASJON

For «Petrojarl Knarr» skal driftast utelukkande frå operasjonsbasen i Florø, og blir dermed den andre driftsorganisasjonen som har vore i Florø, etter at Saga Petroleum hadde sin ved oljebasen for ei tid tilbake. For augneblikket jobbar kring 50 personar ved BG sitt driftssenter i Florø; både frå BG Norge, som eig lisensen, og Teekay, som eig og driv det flytande produksjonsskipet.

Om bord på «Petrojarl Knarr» skal det vere mellom 40 og 50 personar til kvar ein tid, i eit tre-skiftssystem.

INSTALLERT PÅ FELTET

Midtskips om bord på «Petrojarl Knarr» er den såkalla «turreten», som til sjuande og sist er eit nav skipet fritt kan rotere kring når det ligg fortøydd. I dette augneblikk blir kjettingane frå dei seks meter høgare nedsenkbare ankera festa til undersida av dette navet, under skipet. På denne måten vil produksjonsskipet ligge fast rett over feltet, men med baugen vendt mot vindretninga til ein kvar tid.

Etter kvart skal også oljeleidningane frå subseainstallasjonane løftast opp frå dei enorme reisarane like over havbotnen, dragast gjennom dette navet og koplast saman med produksjonssystema om bord på «Petrojarl Knarr».

TO NYE BRØNNAR

I alt er det seks brønnar knytt til produksjonen ved Knarr: Fire produksjonsbrønnar der olja kjem opp, og to vanninjeksjonsbrønnar. Dei to siste pumpar vatn inn i reservoaret, for å presse oljen ut dei fire produksjonsbrønnane.

To nye leitebrønnar er også på planen på Jordbær søraust, like ved.

Knarr inneheld 74,8 millionar fat, og totalinvesteringa er på 17,6 milliardar kroner.

Artikkeltags