Kutt i eigedomsskatten kan redda arbeidsplassar

Mongstad-sjef Rasmus Wille menier mange små utgifter samla vil utgjera store innsparingar for milliardverksemda.

Mongstad-sjef Rasmus Wille menier mange små utgifter samla vil utgjera store innsparingar for milliardverksemda. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statoil Mongstad kan spara 320 millionar på ti år.

DEL

Statoil Mongstad-sjef Rasmus Wille seier at eit eventuelt eigedomsskattekutt frå Lindås kommune, i beste fall kan redda 7–9 ekstra arbeidsplassar. Over ein tiårsperiode kan dei spara over 300 millionar kroner på føreslådde kutt frå myndigheitene.

– Eg tykker det er veldig positivt at nokon høyrer på oss, det er veldig viktig for oss, seier Wille til avisa Nordhordland.

Det var i det siste kommunestyremøtet før jul at Framstegspartiet fekk eit fleirtal med seg på å vurdera å kutta i eigedomsskatten i Lindås kommune frå sju til seks promille. Det svarar til ein årleg reduksjon i inntektene til kommunen på 23,3 millionar kroner. For Statoil Mongstad som er den største skattytaren kan det bety 12–13 millionar kroner i sparte utgifter.

REDDAR 7–10 ÅRSVERK

– Me snakkar ein del med kommunen om eigedomsskatt, og dei skjønar problemstillinga vår, noko som er bra. Og at dei no ser på dette er bra, men kva det går og kva veg det går, kjenner eg ikkje til, understrekar han.

– Samstundes så tapte de 1,1 milliardar i 2013, så har verkeleg 12–13 millionar i spart eigedomsskatt så mykje å seia for dykk?

– Tolv millionar kroner er masse. Ein kan rekna det om til årsverk. Det er gjerne sju-ti årsverk som ein i verste fall måtte ha skore ned ekstra. Så eg synest bestemt at 12–13 millionar kroner er masse pengar for oss, seier han.

KRISTISERER RAMMEVILKÅRA

Wille er ikkje nøgd med rammevilkåra som Statoil Mongstad opererer under i Noreg.

– Samanlikna med våre europeiske konkurrentar har me stadig vekk eit kostnadsnivå som er for høgt. Noko som og vert forsterka av at me er i Noreg, seier han.

Wille peikar på det høge lønsnivået her i landet, men og på rammevilkåra.

– Det er nokre rammevilkår me har her, som andre ikkje har. Då tenker eg på eigedomsskatt, dobbeltskattlegging på CO2 og elsertifikat, peikar han på.

Nyleg vart det kjent at den sitjande regjeringa har sendt ut eit lovforslag som fritek norske oljeraffineri for elsertifikatplikt. Det kan betyr 20 millionar kroner spart årleg, for Statoil Mongstad.

– Alle dei små tinga vert til slutt ein stor sum, peikar han på.

Artikkeltags