Kuttar og seier nei til sluttpakker

Direktør Rasmus Wille på Statoil Mongstad meiner det er svært viktig at olja frå gigantfeltet Johan Sverdrup vert prosessert på Mongstad. Men det krev i så fall investeringar på fleire milliardar.

Direktør Rasmus Wille på Statoil Mongstad meiner det er svært viktig at olja frå gigantfeltet Johan Sverdrup vert prosessert på Mongstad. Men det krev i så fall investeringar på fleire milliardar. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Me har brukt tid på å forklara kvifor me må seia nei til sluttpakkar, seier Mongstad-direktør Rasmus Wille.

DEL

200 arbeidsplassar skal vekk innan utgangen av 2016 og ein milliard kroner skal sparast inn. Statoil Mongstad skal vera i mål med kuttprosessen innan utgangen av 2016. Dei første kutta vert gjort i løpet av 2015, då må mellom 80 og 100 personar gå.

Wille vil ikkje gå i detaljar, men stadfestar i eit stort intervju med Nordhordland at dei har fått inn fleire søknader om sluttpakkar enn kva dei hadde sett seg som mål. Det er også fleire som har fått nei på sine søknader.

– Det handlar om deira kompetanse og erfaring som me må ha for å driva eit raffineri. Me har brukt tid på å forklara folk kvifor me har sagt nei, seier han.

SVERDRUP-OLJA

I tillegg til å kutta i stillingar, skal 2015 brukast til å bygga om raffineriet for 500 millionar kroner. På det viset endrar dei kva dei kan levera til marknaden. Dei skal endra fokus frå gassolje med høgt svovelinnhald men med låg pris og oppgraderer til å laga lavsvovla diesel.

– Ser ein framover, er det diesel som vert hovudproduktet i Europa, trur han.

Men for at framtida skal verta verkeleg lys, må toppleiinga i 2016 seia ja til å bygga om anlegget for 3–5 milliardar kroner, slik at dei kan raffinera olja frå Johan Sverdrup-feltet. All olja skal pumpast til Mongstad, men per i dag kan dei berre prosessera fem til sju prosent av all olja som kjem inn.

– Klarar me ikkje å landa den, må me setja oss ned og tenkja kva no? Det er klart at det er noko meir å sjå kva løysinga er på det, innrømmer han. Eit alternativ då er å ta inn olje med skip, som dei prosesserer. Samstundes som all olja frå Johan Sverdrup vert skipa ut.

– Det må vera ein frustrerande tanke?

– Hehe, ja. Både og. Sjølvsagt vil eg gjerne ha den inn hit og prosessera den i raffineriet. Men for Statoil må ein gjera det som totalt sett er optimalt. Det må vera den rette businesscase som avgjer det, seier han diplomatisk.

OGSÅ 2014 I MINUS

Dei siste åra har olje og gassindustrien har pumpa inn pengar i statskassa og andre pengebinger.

Men på landets største raffineri har dei ikkje klart å tena pengar. Tvert om. Inkludert avskrivingar i milliardklassen, har Statoil Mongstad tapt heftige 15 milliardar kroner i tida frå 2008 til 2013. Og i 2014 går det mot raude tal igjen.

To av årsakene til det er ein planlagt revisjonsstans som vart gjennomført i sommar, samt, som avisa Nordhordland kunne avsløra før helga, cracker-anlegget er ute av drift.

Dei siste månadane har oljeprisane stupt, og panikken har byrja å breia seg i olje- og gassbransjen.

GODE MARGINAR

Likevel har pengane rent inn i kassa på Mongstad dei siste månadane. Årsaka er at samstundes som at oljeprisane har stupt, har prisen på produkta Mongstad raffinerer halde seg høg.

– Det er ikkje tvil om at det er gode pengar i raffinering for tida, seier Mongstad-sjef Rasmus Wille til avisa Nordhordland.

Men ikkje så godt som ønskeleg, sidan cracking-anlegget altså har vore ute av drift i fleire veker.

– Kor frustrerande er det at når marginane endeleg er på dykkar side, så streikar anlegget?

– Det er sjølvsagt veldig irriterande. Men ein del av jobben min er å finna ut korleis me kjem tilbake frå dette, seier han.

Han seier det er viktig for han å tenka positivt.

– Elles vert det lange og slitsame dagar som raffineridirektør.

VEKEPENDLAR

Wille er 41 år gammal og vaks opp i den vesle byen Farum. Han var ferdig med mastergraden sin i 1998 og flytta med kona si Lotte til Regstrup, der dei framleis bur.

Saman med Lotte, som han har vore gift med i 19 år, har han dei to borna Sara (14) og Markus (11).

Han vekependlar fram og tilbake til Danmark.

– Det er ingen planar om å ta familien med til Noreg, seier han.

Difor har han korte veker med lange arbeidsdagar når han er i Noreg.

– Av og til er det lange dagar og lange veker og, seier han og ler.

SVART BELTE I KARATE

Heime i Danmark er det lange turar med familien som vert prioritert og løpeturar for far. Samt eit MBA-studium ved Copenhagen business school.

Frå før av har han svart belte i karate.

– Eg har drive med karate i 22 år, men dei siste åra har eg ikkje hatt tid til å driva med det. Men eg har ein draum om å ta det opp igjen, seier han.

Danske Wille byrja i stillinga tidleg i sommar, etter å ha leia Statoil sitt raffineri i Kalundborg. Han er svært nøgd med mottakinga på Mongstad, men nokon lett start har han altså ikkje fått, med ansvaret for å leia prosessen der 200 menneske skal mista jobben sin.

– Ein skal vera veldig audmjuk i forhold til den jobben. På den eine sida skal ein redusera kostnadene for å verta meir effektive. Men på den andre sida er det menneske me har med å gjera, peikar han på.

MEIR EFFEKTIVT

Framover skal dei kvitta seg med nokre oppgåver, medan andre skal ein verta mykje meir effektive på enn i dag.

– Særleg måten me driv vedlikehald på er det mykje å henta på å få meir flyt, seier han.

– Er det Mongstad eller Statoil sin måte å jobba på som er for lite effektiv?

– Det er nok begge delar. Eg trur at Statoil totalt sett har mykje å henta når det gjeld å få til effektivitet, seier han.

– Vert det fleire kutt enn dei varsla 200 stillingane framover?

– På det noverande tidspunktet er svaret eit bestemt nei til det. Me veit kvar me er i dag og kvar me må vera i framtida for å verta meir konkurransedyktige, seier han.

– Så dei tilsette treng ikkje å frykta fleire kutt framover?

– Det reknar eg bestemt ikkje med, nei.

Artikkeltags