Mongstad går glipp av millionar dagleg

 Statoil Mongstad sopar inn pengar for tida, men berre halvparten så mykje som dei kunne ha gjort.

Statoil Mongstad sopar inn pengar for tida, men berre halvparten så mykje som dei kunne ha gjort. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

For fyrste gong på svært lang tid er oljeprisane slik at Mongstad kan sopa inn pengar, men anlegget går berre for halv maskin.

DEL

Det stadfestar Mongstad-sjef Rasmus Wille overfor avisa Nordhordland.

Årsaka er at crack-eren er havarert. Det har den vore i fleire veker alt, og truleg er den ikkje oppe og går før ved nyttår igjen.

Den siste tida har råoljeprisane stupt frå 114 dollar fatet i sommar til rundt 60 dollar fatet no like før jul. Samstundes har prisane på produkta halde seg oppe.

HAVARERT KOMPRESSOR

Det har ført til at pengane har rent inn i ei botnskrapa kasse. I 2013 tapte Statoil Mongstad 1,1 milliardar kroner, pluss at dei måtte ta 2,6 milliardar kroner i avskriving på verdien på anlegget.

Difor har dei siste månaders utvikling vore godt nytt for Statoil Mongstad. Men ikkje så godt som ynskjeleg.

– Det er ikkje tvil om at med den låge råoljeprisen som er no, og dei produktprisane som har halde seg høge, er det gode pengar i raffinering for tida, seier Mongstad-sjef Rasmus Wille til avisa Nordhordland.

Men altså ikkje så godt som ynskjeleg, sidan cracking-anlegget har vore ute av drift i to veker.

– Årsaka er eit havari i ein kompressor, seier Wille.

– Difor har me ikkje fått utnytta dei gode marginane så godt som me hadde kunne gjort, innrømmer han.

5,7 MILLIONAR DAGLEG

Tek ein utgangspunkt i rekneskapen for 2013, hadde Statoil Mongstad driftsinntekter på 2,1 milliardar kroner dagleg. Det tilsvarar 5,75 millionar kroner kvar dag. Sju dagar i veka, 365 dagar i året.

Når crackeren då står for nesten halvparten av inntektene, er det snakk om enorme summar ein går glipp av på Mongstad.

Wille seier dei reknar med å ha fiksa utstyret til nyttår.

– Kva taper du på dette?

– Eg vil ikkje gje nokon spesifikke tal, men det er nok i nærleiken av halvparten av innteninga som manglar, innrømmer han.

TENKJER POSITIVT

– Kor frustrerande er det at når marginane endeleg er på dykkar side, så streikar anlegget?

– Det er sjølvsagt veldig ergerleg. Men ein del av jobben min er å finna ut korleis me kjem tilbake frå dette, seier han.

– Eg kan bruka all mi tid på å vera frustrert over dette, eller eg kan bruka tida mi på korleis me kan gjera dette betre neste gong, seier Wille.

Han seier det er viktig for han å tenkja positivt.

– Elles vert det lange og slitsame dagar som raffineridirektør, sluttar han.

Artikkeltags