Ser lyst på framtida

Maritim Forening flytta 3. desember inn i nye lokale i Horne Brygge. F.v.: Trond Strømgren, Beate Solheim Grønnevik og Stein Kvalsund

Maritim Forening flytta 3. desember inn i nye lokale i Horne Brygge. F.v.: Trond Strømgren, Beate Solheim Grønnevik og Stein Kvalsund Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Bak Statoil sine overskuggande baseplanar for Florø finst eit petromaritimt miljø som har ambisjonar.

DEL

Det stadfestar Stein Kvalsund, Trond Strømgren og Beate Solheim Grønnevik i Maritim Forening Sogn og Fjordane overfor Firdaposten.

– Den petroleumsrelaterte leverandørindustrien i Sogn og Fjordane peikar på tre kjerneområde der vi kan lukkast: Subsea utstyr og installasjonar, vedlikehaldstenester og utstyr til plattform, flytande installasjonar og supplyfartøy. Til dømes innan subsea har vi i dag 15 bedrifter i fylket som leverer eller ønsker å levere produkt innan subsea. Vi har kompetansen og kunnskapen til å lukkast, seier Grønnevik.

Det baserer ho på verdiskapingsanalysen Deloitte gjorde på deira vegner i tidsrommet mellom november 2013 og februar 2014. Denne viser at det er uante mulegheiter.

SPENNANDE TING PÅ GANG

For spennande ting er så definitivt i gjære innan den petromaritime næringa i Florø, trass i Statoil sine baseomstruktureringsplanar.

Foreningen jobbar med Supply Chain Network Sogn og Fjordane, som skal doble den petroleumsbaserte verdiskapinga i fylket i løpet av fem år. Det målet vil dei nå gjennom seks ulike prosjekt, som i veldig grove trekk går ut på å kartlegge og etablere eit nettverk av underleverandørar, marknadsføring og synleggjering av desse, kompetanseheving og profesjonalisering, og opprette næringsklynger.

SAMARBEID FOR SUKSESS

Men den avgjerande faktoren til suksess er evna til å arbeide saman for ei positiv utvikling. Her kjem Maritim forening inn som ein nettverksbyggar og kompetanseutviklar for sine 61 medlemsbedrifter.

Og symbolsk nok har dei nyleg flytta inn i nye lokale i første etasje av Horne Brygge i Florø sentrum, der dei vil halde til med fleire selskap innan den maritime sektoren.

– Her er planen å få til eit petromaritimt miljø, og få inn nye aktørar. Vi har hatt førespurnader frå fleire nye aktørar; eksisterande verksemder som vil etablere seg i Florø, og som vil kunne bruke våre fasilitetar fram til dei er klare til å finne seg eit eige kontor i Florø, strekar Stein Kvalsund under.

HALV MILLION TIL KOMPETANSE

Maritim Forening Sogn og Fjordane kom seg gjennom det smale nålauget til Innovasjon Norge.

27 søknader fekk Innovasjon Norge inn nasjonalt til denne tildelingsrunden. 11 av dei fekk stønad, mellom dei Maritim Forening sin søknad om støtte til kompetanseheving. Det vart klart måndag.

Næringsmiljøet får inntil 500.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til kompetanseutvikling.

– Dette betyr svært mykje for næringsmiljø i heile Sogn og Fjordane, seier prosjektleiar Trond Strømgren.

– EIN GOD SØKNAD

Pengane skal nyttast på ulike satsingsfelt og tiltak, både kortsiktige og langsiktige.

– Vi skal bidra til å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og regionalt næringsliv, sikre rekruttering av kompetent personell, forsterke næringslivet sine relasjonar med omverda og kartlegge behov og legge til rette for relevante kurs og etter- og vidareutdanning, presiserer han.

– Maritim Forening Sogn og Fjordane har i samarbeid med NCE Subsea levert ein veldig god søknad, der dei presenterer eit særs godt prosjekt. Det seier seniorrådgivar i Innovasjon Norge, Per Øyvind Voie.

Artikkeltags