Statoil Mongstad kan spara 20 millionar årleg

- Det viktigaste for oss er at vi kan konkurrera på like vilkår, seier direktør i Statoil Mongstad, Rasmus Wille (midten). Stortingsrepresentantane Torill Eidsheim (H) og Gjermund Hagesæter (Frp) tok turen til Mongstad onsdag.

- Det viktigaste for oss er at vi kan konkurrera på like vilkår, seier direktør i Statoil Mongstad, Rasmus Wille (midten). Stortingsrepresentantane Torill Eidsheim (H) og Gjermund Hagesæter (Frp) tok turen til Mongstad onsdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Eit lovforslag som fritek norske oljeraffineri for elsertifikatplikt vert no sendt ut på høyring.

DEL

For Statoil Mongstad vil dette innebera ein kostnadsreduksjon på om lag 20 millionar kroner årleg om lova vert vedteke, med verknad frå 2016. Stortingsrepresentantane Torill Eidsheim (H) og Gjermund Hagesæter (Frp) tok turen til Mongstad for å overbringa nyheiten, skriv Nordhordland.

– Dette er første gong ei regjering har kome med ei sånn avgiftslette for norske raffineri, og det er eg veldig glad for at vi har fått til. Dette er noko vi har jobba lenge med, seier Hagesæter. Han seier jobben ikkje er sluttført med dette.

– Vi må òg sjå på dette med CO2-avgifta som er særnorsk og ei ekstra belastning for Statoil Mongstad. Ein bør òg vurdera eigedomsskatten som Lindås kommune krev inn, om dei kan redusera den for å letta trykket og trygga arbeidsplassane, seier han.

Direktør for Statoil Mongstad, Rasmus Wille, meiner lovendringa er eit viktig steg i riktig retning.

PÅ LIKE VILKÅR

– Dette er viktig for Statoil. Norsk industri konkurrerer i ein tøff internasjonal marknad. For å klare det må vi kunne spela etter dei same reglane som dei andre. Kort fortald er det vanskeleg å vinna fotballkampar med ni spelarar på bana når dei andre har elleve. Det er eit viktig og positivt skritt i riktig retning som vi set stor pris på, vi treng verkeleg hjelp frå den kanten òg. Det viktigaste for oss er at vi kan konkurrera på like vilkår, seier Wille.

Han seier det er viktig å jobba vidare med andre tiltak, og nemner redusert eigedomsskatt som eit døme.

– Nivået på eigedomsskatten vi betaler ligg fire og ein halv gong høgare enn gjennomsnittet i Europa, seier Wille Samanlikna med Danmark er nivået ti gonger høgare.

TI METER BAK

– Desse særnorske avgiftene gjer at vi startar ti meter bak alle våre konkurrenter. Det er ei utfordring, vi må ha samme utgangspunkt, seier han.

Utfordringar i marknaden fører og til press på raffineria, og gjer det endå meir kritisk med avgiftslette akkurat no enn det har vore før.

– Dei siste åra har det blitt endå tøffare å driva raffineri i Europa. Rundt 15 raffineri i Europa er blitt stengt dei siste par åra. Det er truleg fleire som må stenga før det kjem ein god balanse i marknaden, Nettopp difor er det så viktig å kunna konkurrera med dei beste, og det har Statoil Mongstad gode føresetnader for å gjera, seier Wille.

Artikkeltags