Trekkjer søknad om konsesjon for vindkraftverk

Sula Kraft AS innser at det vert vanskeleg å gå imot folkets vilje, og trekkjer dermed konsesjonssøknaden for Ytre Sula vindkraftverk.

Sula Kraft AS innser at det vert vanskeleg å gå imot folkets vilje, og trekkjer dermed konsesjonssøknaden for Ytre Sula vindkraftverk. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vindkraftselskap meiner det vert vanskeleg å trasse folkeviljen.

DEL

Sula Kraft AS trekkjer søknaden om å byggje vindkraftverk på Ytre Sula i Solund kommune i Sogn og Fjordane.

Det kjem fram i eit brev dagleg leiar Olav Osvoll i Sula Kraft AS nyleg sende til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), skriv Firda.

LÅG GODT TIL RETTE

Sula Kraft AS meiner tilhøva låg godt til rette for ein vindmøllepark på Ytre Sula, og har inngått avtale med grunneigarane om leige av grunn.

Men sidan kommunestyret i Solund har vore tydeleg på at dei ikkje ønskjer Ytre Sula vindkraftverk, meiner Sula Kraft AS det vert krevjande å få storsamfunnet til å tvinge utbygginga på kommunen.

PRØVDE Å DEMPE KONFLIKTNIVÅET

Sula Kraft AS har føreslege løysingar for å dempe konfliktnivået for dermed å få kommunestyrets aksept for planane, men fånyttes. Kommunestyrets posisjon er uendra.

Både eigarane og styret i Sula Kraft AS meiner difor at det ikkje lenger er forsvarleg å bruke eigne og offentlege ressursar på vidare innsats for å gjere Ytre Sula kraftverk til røyndom.

Sula Kraft AS trekkjer difor konsesjonssøknaden for Ytre Sula vindkraftverk, skriv dagleg leiar Olav Osvold i Sula Kraft AS.

LOKALDEMOKRATIET FUNGERTE

– Fleirtalet i Solund kommunestyre har sagt at dei ikkje ønskjer desse vindmøllene. Når Sula Kraft AS no trekkjer konsesjonssøknaden, så er det i samsvar med Solund kommunes standpunkt i denne saka, seier Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) til Firda.

– Lokaldemokratiet har fått viljen sin, slår Krakhellen fast

Artikkeltags