Fekk storkontrakt på webdesign

Claus Guttesen (framme frå venstre), Guro Bryn Høgheim, Håvard Grimelid, (bak f.v.) Sindre Skrede, Daniel Mattke, Arild Finne Nybø og Terje Sørbø i Mediebruket skal designe for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. FOTO: OLE JOHANNES ØVRETVEIT

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Viktig både økonomisk og fagleg.

DEL

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har etter ein offentleg anbodsrunde signert kontrakt med Mediebruket på rammeavtale for levering av webdesign til embeta sin portefølje av nettstader, skriv Firda.

Avtalen varer i to år, og netto totalverdi er rekna til rundt 800.000 kroner. Oppdragsgjevaren har opsjon på å forlenga avtalen med to år.

– Dette er ein viktig kontrakt for oss både økonomisk og fagleg. Fylkesmannen er ein spennande oppdragsgjevar, der vi får brukt kompetansen vår til fulle innan eit breidt spekter av internettrelaterte oppgåver. Vi er derfor glade for at vi nok ein gong har vunne fra i konkurranse med det beste anbodet, seier Arild Finne Nybø, dagleg leiar i Mediebruket i Førde.

Selskapet har frå 2012 til 2015 hatt ein tilsvarande avtale med Fylkesmannen.