Investerer nye millionar i laser mot lakselus

Her ser vi Nils Tore Karstensen følgje med ein Stingray-laser. Her ser vi at den drep ei lus med ein lysstråle (svart-kvitt videoskjerm) FOTO: ARVE SOLBAKKEN

Her ser vi Nils Tore Karstensen følgje med ein Stingray-laser. Her ser vi at den drep ei lus med ein lysstråle (svart-kvitt videoskjerm) FOTO: ARVE SOLBAKKEN

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Erfaringane våre med bruk av lakseluslaser har vore så gode, at vi investerer i fire nye neste år, fortel Nils Tore Karstensen.

DEL

Han driv med fiskeoppdrett i Batalden saman med broren Geir. Dei driv samdrift med Elin Tveit Sveen og Trond Sveen på Marø Havbruk med til saman fire konsesjonar i Flora kommune, skriv Firdaposten.

Discokule

– Lakselusa døyr momentant, medan laksen merkar ingenting. Fiskekroppen fungerer som ei discokule og reflekterer lysstrålane, seier Nils Tore Karstensen.

I vår og sommar installerte dei seks lasereiningar frå Stingray – ei investering på 5,1 millionar kroner for å bekjempe lakselusa. Erfaring viser at laksen bør vere kring ein kilo før ein set i drift laserane. Då har fisken ei så roleg åtferd at lusa er lett å treffe.

– Er du sikker på at laserane virkar?

– Ja. Dei har vore driftssikre og drep lus kring 99 prosent av døgnet. Her ute på Langeroa i Batalden har vi hatt medisinbehandling av kun ei gruppe fisk. Resten har rensefisken og laserane teke seg av.

Online

Stingray sine eksepertar i Oslo styrer einingane online og arbeider kontinurleg med utvikling av progamvaren. Dei sjekkar aktiviteten, senkar einingane opp og ned sidan fisken endrar åtferd gjennom døgnet.

Lakseluslaser frå Stingray i merdane hos Karstensen. Her ser vi det grønaktige laserlyset når den skyt lakselus nede i merdane.

Lakseluslaser frå Stingray i merdane hos Karstensen. Her ser vi det grønaktige laserlyset når den skyt lakselus nede i merdane.

Stingray har ein god del einingar i sjøen etter kvart. Sulefisk i Solund var først, før E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk kjøpte i Sogn og Fjordane.

Aukar laser-satsinga

Stingray Marine Solutions skal auke kapasiteten for produksjon av laserar. Dei har snart levert sine første 50, men håpar å kunne bygge opp til 200 i 2016.

– E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk er nøkterne oppdrettarar. Det er viktig for oss som utviklar revolusjonerande teknologi at dei gir oss gode referansar, understrekar dagleg leiar John A. Breivik.

Han håpar at 2016 kan gje det store gjennombrotet for teknologisatsinga deira.

Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk påpeikar at ei investering i 10 lasereiningar til saman er ei tung satsing for små lakseselskap.

Artikkeltags