Byggjer «krigsjeep» i skuletida

BILBYGGJARAR: I eitt år har elevane jobba emd å byggja opp ei miniutgåve av den amerikanske krigsjeepen, Willys Jeep. Frå venstre: Håvard Enes, Casper Thorsen, Benjamin Fjellandsbø og Christian Fjelland. På tilhengaren skal det omomnterast ei kanon, og det er kanonløpet Enes har hand om.

BILBYGGJARAR: I eitt år har elevane jobba emd å byggja opp ei miniutgåve av den amerikanske krigsjeepen, Willys Jeep. Frå venstre: Håvard Enes, Casper Thorsen, Benjamin Fjellandsbø og Christian Fjelland. På tilhengaren skal det omomnterast ei kanon, og det er kanonløpet Enes har hand om. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Mange utfordringar, men veldig gøy!

DEL

Elevane på Kvinnherad vgs. (KVV) har laga si eiga miniutgåve av den gamle amerikanske krigsjeepen, Willys Jeep, i skuletida, skriv Kvinnheringen.

Det er eitt år sidan elevane ved TIP VG1 starta arbeidet med å byggja miniutgåva av Willys Jeep. Originalutgåvene av denne jeepen vart bygd i tida mellom 1941 og 1945. Før andre verdskrig var over hadde den amerikanske produsenten bygd 360.000 utgåver av dette køyretyet. No står ei miniutgåve snart ferdig i industrihallen på KVV.

MANGE UTFORDRINGAR

– Det har vore mange utfordringar undervegs, men veldig gøy. Her har vi fått brynt oss på både sveising, platearbeid, dreiing, mekanikk og automasjon, seier Benjamin Fjellandsbø til Kvinnheringen.

Det er han og Caspar Thorsen, Håvard Enes og Christan Fjelland som i hovudsak har jobba med dette prosjektet etter at dei starta på TIP VG1 i haust. Dei har vidareført arbeidet som fjorårselevane starta opp.

Lærar Rune Matre understrekar sterkt at dette er arbeid som er hundre prosent utført av elevane.

– Det starta med at vi var på nettet og henta ut teikningar. Deretter tilpassa vi desse til vår eigen produksjon, fortel Matre.

FRÅ GRUNNEN AV

Bilen er bygd opp heitl frå grunnen av. Til jeepen høyrer det med ein tilhengjar. Der skal det plasserast ei lita miniutgåve av ei kanon. Vidare er køyretyet utstyrt med både lys, signalhorn, vindaugsviskar, instrumentpanel og anna utstyrt som høyrer med.

Under panseret er det montert ein 9-hestar ATV-motor.

Alt skal fungera på jeepen, seier læraren.

– EIN GOD MÅTE Å LÆRA PÅ

Dei fire som har jobba med prosjektet denne hausten, synes det har vore skikkeleg gøy, og ein god måte å læra på, sjølv om det har oppstått nokre problem undervegs.

– Ja, det har vore noko grubling i løpet av denne tida. Blant anna sleit vi litt då vi skulle montera pedalane. Det vi kanskje har lært mest av er kor viktig det er å vera veldig presise når vi skal plassera ting. Undervegs har vi også lært oss å vurdera ulike framgangsmåtar for å koma fram til den beste løysinga, seier Benjamin og Casper.

PÅ UTSTILLING

– Det er ingen tvil om at dette er noko som har engasjert elevane, seier Rune Matre.

I veka som kjem vert jeepen stilt ut i Husneshallen under Utdanningsmessa.

Deretter står det mykje finpuss igjen. Målet både for lærar og elevar er at jeepen skal stå fiks ferdig til 1. mai. Då skal vera på plass på Husnes under den store vårmønstringa av bilar og motorsyklar.

Artikkeltags