Dei har også fått eit heilt nytt fagbrev: Maritim innreiing. Det melder Gro Fivelsdal, rektor ved Dale vidaregåande skule i ei pressemelding, skriv Firda.

INITIATIV FRÅ NÆRINGSLIVET

Yrkesfaglinja er ei ny linje i nasjonal samanheng og vert starta opp som eit forsøksprosjekt i fylket. Etter positiv tilråding frå Kunnskapsdepartementet godkjende Utdanningsdirektoratet søknaden både for Vg2 og Vg3 (opplæring i bedrift) rett før helga.

Ifølge pressemeldinga er den nye læreplanen utarbeidd av Dale vgs i nært samarbeid med bedriftene og direktoratet.

Elevane frå Vg1 TIP og Vg1 bygg- og anleggsteknikk kan søkje seg dit.

– Initiativet til den nye utdanningsvegen vart teke av næringslivet i HAFS etter at fylkesrådmann Tore Eriksen utfordra dei til å samarbeid med dei vidaregåande skulane for å skaffe den kompetansen som trengst i fylket, skriv rektoren.

LOKALE BEDRIFTER BAK

Bedriftene Martime Montering og Havyard Ship Technology har gått saman om dette og garanterer for 12 læreplassar kvart år.

– Læretida kan vise seg som svært spennande innanfor internasjonale firma som har underavdelingar i fleire land, melder Fivelsdal i pressemeldinga.

Tilbodet kjem i gang allereie frå hausten av, så ein kan søkje no.

– SVÆRT POSITIVT FOR FYLKET

Fylkestinget i Sogn og Fjordane godkjende det nye tilbodet allereie i desember med atterhald om at departement og direktorat skulle gje si tilslutning til prosjektet. Det har vore brei politisk semje om at dette nye er positivt for SFJ og prosjektet har også fått draghjelp av fylkespolitikarane på Stortinget.

I utgangspunktet er der 6 plassar (ei halv yrkesfagklasse) som er sett av til denne nye linja ved Dale vgs, heiter det i pressemeldinga.