Læring i stiv kuling

Sidan oppstarten i 2007 har Florø vore sterkt representert med elevar om bord kvart år. Her er Steffen Helgås Brandsøy i arbeid i maskinrommet.

Sidan oppstarten i 2007 har Florø vore sterkt representert med elevar om bord kvart år. Her er Steffen Helgås Brandsøy i arbeid i maskinrommet. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Mens kompisane slit på skulebenken, får Steffen Helgås Brandsøy si utdanning på Atlanterhavet.

DEL

Før helga klappa skuleskipet M/S Gann til kai i Florø i samband med rekrutteringstokta deira langs kysten. Og i maskinrommet stod 16-år gamle Steffen Helgås Brandsøy frå Florø.

ENORMT LÆRERIKT

Han er inne i sitt andre år om bord på skipet, og er klar på at han ikkje har angra eitt sekund på at han mønstra på skuleskipet.

– Det er enormt lærerikt om bord. Det er skule og jobb i eitt. Vi har mykje praksis her, og det er difor Gann er ein så populær studieplass. Teori og praksis går hand i hand. Når vi er ferdige her, er vi meir enn klare for læringstida, for vi har allereie hatt så mykje praksis her, seier Brandsøy, til Firdaposten.

EIN STOR FAMILIE

Han fortel at det var far hans som først kom over skuleskipet og lurte på om han skulle sende inn ein søknad på vegner av sonen. 16-åringen sa han fekk gjere kva han ville og tenkte ikkje mykje meir over det, før tilbodet om skuleplass datt ned i postkassa. No er det noko Brandsøy ikkje ville vore forutan.

– Eg er inne i mitt andre år no og har fått vennar for livet. Det er enormt sosialt her på Gann, og vi gjer nær sagt alt i lag. Vi er som ein stor familie, fortel Brandsøy og erkjenner at det vil bli svært vemodig å mønstre av den 20. juni.

«LEARNING BY DOING»

Heile 120 ungdommar har læreplassen sin om bord på skipet. Kaptein Svein Ivar Olaussen fortel at prinsippet «learning by doing» står høgt i kurs om bord.

– Vi har våre base i Stavanger, men er ofte til sjøs. Det kan vere alt frå dagsturar til halvanna veke til sjøs. Men sjølv når vi er på tokt, har vi ein tilnærma normal skuledag, seier Olaussen og viser til at dei har fleire klasserom om bord på skipet.

– Skipet som læringsarena og er veldig bra. Vi har vanleg teoretisk undervisning, samstundes som vi har åskodingsundervisning, fortel han.

I perioden 1982 til 2007 gjekk M/S Gann langs norskekysten, men då som eit Hurtigrute-skip under namnet M/S Narvik. Sjølv om det skipet no er omgjort til skuleskip har det ikkje sleppt si historie som cruiseskip heilt. For over ein to månaders lang periode om sommaren strøymer turistane om bord.

Dette som eit ledd i finansieringa av neste års skuleår. Og i god M/S Gann-ånd har dei også då med seg elevar som mannskap.

Artikkeltags