Eit nytt studietilbod, 4S (Sal, service og sikkerheit med studiekompetanse) er under planlegging på Mo og Øyrane vgs, skriv Firda.

Her skal elevane ut og jobbe i bedrifter allereie frå første skuledag.

Tilbodet skal til politisk handsaming i hovudutval for opplæring 25. november.

Då Mo og Øyrane vgs. tok over service og samferdsel-linja frå Hafstad vgs. tidlegare i år, var dei ikkje nøgde med talet på elevar som fullførte oppstarta utdanning.

LEITA ETTER GODE IDEAR

– Dette ville vi gjere noko med, og vi tok til med å sjå oss rundt om i landet etter idéar. I Buskerud og Østfold fann vi interessante tilbod med veldig gode søkjartal og positive tilbakemeldiger frå bedriftene, seier Rune Viken, avdelingsleiar for service og samferdsel ved Mo og Øyrane vgs.

Det er ei 4-årig yrkesutdanning med 12 studieplassar som er føreslått. I så måte liknar det dei fleste andre yrkesfaglege utdanningane.

Men det spesielle er at elevane frå første dag skal ut og jobbe i bedriftene.

Personalsjef i Coop Vest, Øyvind Indrebø, og salssjef hos Frydenbø Bilsenter, Geir Farsund, fortel at dei har venta på eit slikt studietilbod.

– SPENNANDE

– Det er mykje meir spennande for oss å få vere med heilt frå starten av utdanninga. På denne måten får elevane ta del i og bli integrert i arbeidskulturen vår allereie frå første dag av skuletida. Og det at vi kan forme dei og gje dei ei tilknyting til bedrifta på eit tidleg stadium, er ein stor fordel for oss, seier Farsund.

Indrebø er heilt einig.

– Dette er ein flott moglegheit for oss til å rekruttere dyktige medarbeidarar som kan bygge karrieren si i bedrifta vår, seier han.

Rune Viken trur dette vil bli eit populært tilbod og tilrår ein snittkarakter på rundt 4 får å komme inn. Men det er ikkje berre karakterar som skal bestemmer kven som kjem inn på denne linja.

MÅ GJENNOM INTERVJU

– Alle må igjennom eit intervju med bedriftene, så viss det er nokre bedrifter som får veldig mange søkarar, får bedriftene bestemme kven dei vil ha, seier Viken.

Dersom skulen får godkjenning for det nye tilbodet, blir det oppstart hausten 2015.