NCE Subsea, som var med i styringsgruppa som fekk subseastudiet på plass i Florø, gir 5000 kroner halvåret til In Fundo, den nyskipa foreininga for subseastudentar her i byen, skriv Firdaposten.
Det kjem godt med i foreininga sitt arbeid for å skape eit betre studentmiljø, mellom anna ved å arrangere aktivitetar med fagleg eller sosialt innhald, eller ved å inngå avtalar om studentfordelar hos ulike verksemder i Florø. Foreininga arbeider også for å knyte kontakt med næringslivet i byen, seier leiar Håkon Lerøy Riple i In Fundo.
– Planen på sikt er at vi skal få til eit studenttilbod likt det dei har i Bergen, til dømes innan helsetenester, seier han.
I tillegg har NCE Subsea planar om å arrangere ein subseadag i Florø i byrjinga av neste år, der føremålet er gje florøsamfunnet innsikt i subseafeltet og subseastudiet, og studentane sin faglege kvardag her i byen.