Tar utdanningssommel opp på Stortinget

Ingird Heggø (Ap) tar somlinga med det nye utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane opp i Stortingets spørjetime.

Ingird Heggø (Ap) tar somlinga med det nye utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane opp i Stortingets spørjetime. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Godkjenninga av tilbodet Maritim produksjonsteknikk ved Dale Vgs i Sunnfjord har drege slik ut i tid at saka no vert tema i Stortinget.

DEL

– Ein heilt uakseptabel tidsbruk, seier både administrerande direktør Anders Lien ved skipsinnreiingsprodusenten Maritime Montering og stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) til Firda.

Søknaden om godkjenning vart sendt Utdanningsdirektoratet for snart eit år sidan.

VIL HA SVAR FRÅ STATSRÅDEN

Ap vil no ta opp den lange sakshandsaminga med statsråden, gjennom eit spørsmål i Stortingets spørjetime. Heggø håpar det slik skal la seg gjere å få den fortgangen i saka som trengst for at opplæringstilbodet skal kome i gang hausten 2015.

– Det vi ser her, er tragisk. Her har vi eit glitrande høve til å få i stand eit tilbod næringslivet treng, og som det attpåtil sjølv legg til rette for – og så verkar det som at det heile berre blir trenert, seier Heggø.

Stortingsrepresentanten seier at svaret ho eigentlig får når ho kontaktar Utdanningsdirektoratet om saka, er at ho helst ikkje skal kontakte dei direkte.

HAR SENDT FRAMLEGGET

Det same opplever Firda, når vi kontaktar den i direktoratet som har direkte med saka å gjere, rådgjevar Ylva Christiansen Sundt.

– Vi har sendt vårt framlegg over til departementet, og det skal kome svar innan veldig kort tid, seier ho.

På spørsmål om kva som konkret har ført til den lange handsamingstida, svarer Sundt:

– Eg vil ikkje gå inn på det før det er sendt eit svar.

Deretter ber personen som kjenner saka best, Firda om å snakke med kommunikasjonsavdelinga i direktoratet.

TREKKJER TILBODET

Opplæringspolitikarane i fylkeskommunen opna tysdag for at tilbodet i Maritim produksjonsteknikk skal lysast ut, under føresetnad av at godkjenninga kjem tidsnok. På førehand rådde fyleksdirektør Bekka Skaasheim til at det nye tilbodet i så fall skal kome i staden for vg2 industriteknologi, som Dale vgs har i dag.

– Uaktuelt, seier Anders Lien ved Maritim Montering.

– I så fall står ikkje tilbodet vårt lenger ved lag. Det kjem ikkje på tale å akseptere eit opplegg der vi vil tape andre lærlingar bedriftene også treng. Då gå vi heller i dialog med Møre og Romsdal om eit opplegg, seier Lien.

Opplæringspolitikarane i Sogn og Fjordane vedtok å opprette ein halv klasse maritim produksjonsteknikk og ein halv klasse industriteknologi.

Lien reagerer på den statlege tidsbruken.

– Her handlar det om eit fag som har eksistert i generasjonar, men der folk ikkje har hatt fagbrev. Vi garanterar læreplassar, materiell og utplassering. Alt ligg til rette, men staten somlar, seier Lien.

Artikkeltags