Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) gir ingen klarsignal for at det planlagde tilbodet i Maritim produksjonsteknikk ved Dale vidaregåande skule kan kome i gang frå hausten 2015, skriv Firda.

I eit svar på eit skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) seier statsråden tvert imot at det må arbeidast vidare "for å sjå om det er mogleg å finne ei innretning på eit forsøk på vg2 som vil kunne svare på det lokale ønsket om eit forsøk med eit slikt opplæringstilbod".

– Etter mi oppfatning vil dette bety at ein ikkje får lyst ut tilbodet denne gongen heller, med mindre statsråden syter for å setje full gass på det arbeidet han snakkar om. Dette er rett og slett frustrerande. Og dersom det er ting som treng avklaring, kvifor har dei i så fall ikkje teke det opp med fylkeskommunen, seier Heggø.

LÆREPLASSAR STÅR KLARE

Opplæringstilbodet det handlar om, er det treårige forsøket med eit yrkesretta tilbodet som skal gi fagkompetanse i innreiing av skip og riggar, og som Martime Montering og Havyard Leivik vil samarbeide med Dale vidaregåande skule om.

Dei to bedriftene har lagt all si tyngde i å få i gang tilbodet, og garanterer for 12 læreplassar kvart år. Det ein har venta på, er godkjenninga av forsøksopplegget. Først rann tida ut til å nå opptaket til inneverande skuleår, no fryktar bedriftene, skulen og fylkeskommunen at det same skal skje igjen.

Nyleg sende Ingrid Heggø skriftleg spørsmål til kunnskapsministeren, og peika mellom anna på at fylkeskommunen stadig har blitt lova svar, men at dette ikkje har kome.

Statsrådens svar var at forsøket med vg3 Maritim innreiing bør godkjennast, men at direktoratet meiner det er nokre utfordringar knytt til den forsøkslæreplanen som det er søkt om å bruke i opplæringa i vg2 Maritim produksjonsteknikk.

AVKLARING I UVISSE

Kva tid det kan skje ei avklaring, skriv statsråd Røe Isaksen ingen ting om. Dermed er situasjonen like uavklart som før for tilbodet som skulen og bedriftene ventar på å kome i gang med, og som har full fylkepolitisk støtte.

– Han seier altså ja til å starte opp vg3, men når du ikkje får godkjent vg2, blir det heller ikkje noko vg3 å søke på. Det heile er frustrerande. Eg opplever dette som eitt av mange døme på at regjeringa ikkje ser grunn til å bruke tid og energi på Sogn og Fjordane, seier Ingrid Heggø.