Først ute med ferje på biodrivstoff

RUVA: MB Bergensfjord ruva ved kai i Florø for å verte døypt av dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete i 2006. Ferja har vore ein stor suksess saman med dei andre gassferjene til Fjord 1.Bergensfjord har ein kapasitet for 212 bilar.

RUVA: MB Bergensfjord ruva ved kai i Florø for å verte døypt av dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete i 2006. Ferja har vore ein stor suksess saman med dei andre gassferjene til Fjord 1.Bergensfjord har ein kapasitet for 212 bilar.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fjord 1 og Eco-1 er no klar med kommersiell ferjedrift på fornybart biodrivstoff.

DEL

Fjord1 blir verdas første ferjeselskap som nyttar biodrivstoff av HVO-typen til framdrift av ferjer.

Frå januar 2016 skal ferjesambandet på strekninga Hella-Dragsvik-Vangsnes driftast på 2G MARINE, fornybar diesel, levert av Eco-1, skriv Firdaposten.

– 2G Marine er ein fornybar diesel som har lengre haldbarheit enn fossil diesel, betre vintereigenskapar og gir også stor reduksjon i lokale utslepp av NOx og svovel. Med bakgrunn i Stortinget sitt krav til lav- og nullutsleppsteknologi i framtidige ferjeanbod er dette eit svært viktig steg for Fjord1, fortel regionleiar Tor Kristoffersen.

– Fjord1 AS skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferjetransport for våre kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar. Dette er difor ein viktig milepæl for selskapet.

Samarbeidet mellom Fjord1 og Eco-1 har pågått sidan mars, og har inkludert viktige utslepps- og driftstestar gjennomført av Gas & DieselPower og Mitsubishi.

– Aldri før har nokon teke steget heilt ut med biodrivstoff, fortel dagleg leiar i Eco-1 Geir H. Ingeborgrud.

– Det var vore gjennomført korte testperiodar og lavinnblandingar på ferjesamband i Europa tidlegare, men ingen har teke steget til 100 prosent biodrivstoff slik Fjord1 no gjer. Difor er denne lanseringa og samarbeidet mellom Fjord1 og Eco-1 historisk, seier han i ei pressemelding.