Framo kuttar 30 årsverk trass i utvidingsplanar

Aministrerende direktør Frank Mohn, Oddbjørn Jacobsen??

Aministrerende direktør Frank Mohn, Oddbjørn Jacobsen?? Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Framo Flatøy må nedbemanne med 30 årsverk. Det skjer trass i at pumpebedrifta no har fått grønt lys til utviding.

DEL

– Desverre har vi sett oss nødt til å redusera antall årsverk, seier administrerande direktør i Framo Flatøy, Oddbjørn Jacobsen.

Prosessen pågår i desse dagar og er nyleg starta.

– Vi skal redusera med 30 årsverk, opplyser Framo-sjefen til Avisa Nordhordland.

Varslar oppseiingar

Jacobsen forklarar nedbemanninga først og fremst med sviktande oljepris.

– Vi er i olje- og gassmarknaden. Oljeprisen har vore under sterkt press lenge, og det har sjølvsagt påverka marknaden negativt. Vi har i det lengste forsøkt å sjå etter lyspunkt, men slik det ser ut vil dette vara ei stund. Då må vi tilpassa vår kapasitet, og det som er behovet framover. Vi synes det er frykteleg leit at vi er nødt til å redusera staben, seier Jacobsen.

Framo-sjefen legg ikkje skjul på at det vert oppseiingar, men ein del av stillingsreduksjonane blir også løyst gjennom naturlege avgangar. Detaljane rundt dette kan han ikkje opplyse.

– Ein del vil vera naturleg avgang, men eg trur også vi må gå til oppseiingar. På lengre sikt har vi tru på olje- og gass, og det er difor har vi behov for større areal, kommenterer han.

Får fylla ut i fjorden

Nyheita om nedbemanning kjem altså same dag som kommunal- og moderniseringsdepartementet overkøyrer Fylkesmannen i Hordaland og gjev grønt lys til utfylling i fjorden ved produksjonslokala på Flatøy.

Kun ei formell godkjenning frå Meland kommune manglar no for at arbeidet kan starta opp.

– Vi har ikkje fått løyve, men det er veldig gledeleg at det ser ut som det kan gå i orden, kommenterer Jacosen.

– Kor viktig er dette for Framo Flatøy?

– Det betyr jo at vi kan halda fram å utvikla bedrifta om vi får denne godkjenninga.

– Kor alvorleg ville det vore om de ikkje unne utvida?

– Det ville jo ha betydd at vi ikkje hadde hatt meir plass - at vi ikkje hadde hatt dei utviklingsmoglegheitene som vi har behov for framover.

Leiger ekstraareal i dag

Jacobsen legg ikkje skjul på at bedrifta har jobba med saka politisk. Men han understrekar at det kun har skjedd opp mot Meland kommune.

– Vi har hatt ein dialog med Meland kommune; både med administrasjonen der og politisk leiing, seier han.

Det er snakk om ei utviding på rundt 17 mål, som skal brukast til utandørs lagerområde. Ifølge Jacobsen er dette området heilt vesentleg for utviklinga til bedrifta.

– Ja, vi har hatt behov for å leiga areal utanfrå bedrifta i stort omfang. Det er jo både kostbart og tidskrevande, så det har ofte satt oss i ein vanskeleg situasjon.

Detaljane i det vidare arbeidet var for tileg for direktøren å svara på torsdag formiddag.

– No var dette nytt på morgonen. Vi har fått nyheita over telefon at kommunaldepartementet har gjort som dei har gjort. Det set vi sjølvsagt stor pris på, men no må formalitetane komma i orden.

– Og eg vil minna om at vi jo hadde godkjenning. Administrasjonen i Meland kommune var veldig klar på at dette var innanfor gjeldande reguleringsplan og ga godkjenning, men så kom Fylkesmannen inn i saka og hengte seg opp i formalitetar, uttaler Framo-sjefen.

Naboprotestar

Naboar har tidlegare protestert mot utvidingsplanane.

– Vi har hatt dialog med naboane tidlegare og har utvikla eit prosjekt der vi har forsøkt å ta mest mogleg omsyn til både natur, naboar og omgjevnadane rundt oss. Vi har gjort grundige undersøkingar i fjorden og den biologiske effekten og at dette skal sjå visuelt pent ut i terrenget.

– Kor lang tid vil det ta før utfyllinga kan vera ferdig?

– Det er heilt avhengig av tilgangen på stein.

– Men det er det vel mykje av i bergensområdt for tida?

– Det har du heilt rett i, men no må vi først få alle formalitetar på plass, og så får vi sjå oss om etter stein etter det.

Sanner: – Viktige arbeidsplassar kan tryggast

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at sterke samfunnsmessige omsyn tilseier at Meland kommune kan gje dispensasjon til utfylling av sjøareal for næringsverksemd.

– Viktige arbeidsplassar kan tryggast ved ei rask kommunal behandling av dispensasjon, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Framo Flatøy er største private arbeidsgivar i kommunen med 400 tilsette.

Les også: Ber om uvanleg hjelp for at Framo skal få det som dei vil

Kommunen gav i 2014 løyve til utfylling av det aktuelle sjøarealet på 18 dekar til trafikk- og lagerplass for verksemda.

Ikkje ugyldig

Fylkesmannen i Hordaland meinte kommunen sitt vedtak var i strid med reguleringsplanen for området, og oppheva løyvet. Meland kommune bad Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjera om fylkesmannen sitt vedtak.

«Departementet har vurdert fylkesmannen sitt vedtak, og komme til at det ikkje er feil eller manglar i vedtaket som medfører at det er ugyldig. Departementet finn heller ikkje at det oppfyller lovas krav for omgjering av fylkesmannen sitt vedtak» heiter det i ei pressemelding frå departementet.

Les også: Fryktar Frank Mohn AS vil flytta frå Meland

Plansituasjonen endra

Etter at fylkesmannen trefte sitt vedtak, er plansituasjonen for området endra. Utfyllinga i sjøområdet er i tråd med vedtatt arealdel av kommuneplanen. Det aktuelle området er her lagt ut som byggeområde for industri.

Denne kommuneplanen går framfor eldre reguleringsplan, og tiltaket er med det no i samsvar med arealføremålet i kommuneplanen, og eventuelt grønt lys til utfylling vil krevje dispensasjon frå dette plankravet.

Sanner seier at det er kommunen som har mynde til å gje slik dispensasjon. Departementet meiner at vilkåra for dispensasjon kan vera til stades i dette tilfellet.

– Viktige arbeidsplassar kan tryggast gjennom ei rask kommunal handsaming av dispensasjon frå kravet om reguleringsplan for denne utfyllinga. Sterke samfunnsmessige omsyn talar for ei rask utbygging, seier Sanner.

Departementet viser til at det her er snakk om ei utviding av eit eksisterande industriområde, ikkje eit nytt utbyggingsområde. Det skal ikkje oppførast bygningar på området. Delar av utfyllinga var avklara i tidlegare vedteke plan frå 1989.