Harding etablerer ny servicestasjon i Dubai

Sachin Thomas Abraham, serviceingeniør (f.v.), Alex Rijksen, operativ leiar – Midtausten, Tommy Hivand, regiondirektør – AMEI, og Harish Shastry, salssjef, får nytt kontor i servicestasjonen.

Sachin Thomas Abraham, serviceingeniør (f.v.), Alex Rijksen, operativ leiar – Midtausten, Tommy Hivand, regiondirektør – AMEI, og Harish Shastry, salssjef, får nytt kontor i servicestasjonen.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Harding etablerer seg med ein ny servicestasjon i hjarta av den maritime næringa i Dubai.

DEL

– Målet er å gje kundane våre i Midtausten endå betre kvalitet på servicetenestene, seier regiondirektør Tommy Hivand i ei pressemelding frå Harding.

Ein viktig marknad

Etter å ha brukt ein lokal samarbeidspartnar som leverandør av servicetenester til Harding sine kundar i Midtausten sidan 2006, har Harding no etablert sin eigen, topp moderne servicestasjon i Dubai, skriv Kvinnheringen.

– Harding er ein produkt- og serviceleverandør, og ved å ta hand om servicearbeidet sjølv, i eigen servicestasjon med eigen ekspertise, ønskjer vi å gje kundane våre i Midtausten endå betre kvalitet på tenestene dei får hos oss. Investeringa viser at Midtausten er ein viktig marknad for Harding, og at vi er langsiktige i vår satsing i regionen, seier Tommy Hivand, regiondirektør for Afrika, Midtausten og India.

Tett på kunden

Servicestasjonen er lokalisert i Dubai Maritime City, sjølve hjarta i den maritime næringa i regionen.

Her kan Harding tilby eit rundt 1000 kvadratmeter stort verkstadlokale med topp fasilitetar for alle typar serviceoppdrag på livbåtar og davitar. Verkstaden vert mellom anna utrusta for å gjera skrogreparasjonar, målearbeid og livbåttesting i basseng, og vil også fungera som base for serviceingeniørar som dreg rundt i regionen.

– Stasjonen ligg nær mange verft som leverer nybygg og skipsservice i Dubai, og har ei strategisk plassering i høve den store olje- og gassrelaterte skipstrafikken i regionen. Samstundes ligg nyetableringa svært gunstig til i høve alle skipa som trafikkerer handelsrutene mellom Austen, Afrika og Europa, seier Hivand.

I starten vil Dubai-stasjonen utføra service på Harding-utstyr, men etter kvart vil Harding også kunna tilby tenestene til kundar med livbåtar og davitar frå andre produsentar.

Sal og service

Sidan 2011 har Harding også hatt eit salskontor i Dubai. Dette kontoret blir i løpet av året flytta til den nyetablerte servicestasjonen.

– Midtausten er ein viktig marknad for sal av nytt Harding-utstyr og ved å samlokalisera sals- og servicefunksjonane våre i Dubai, vil vi kunna tilby kundane i denne regionen eit fullverdig og heilskapleg Harding-kontor, seier Hivand i pressemeldinga.