10 mill. i inntekter, 9,5 mill. i underskot

Seamatech AS har som mange andre erfart at det er vanskeleg å lukkast med torskeoppdrett.

Seamatech AS har som mange andre erfart at det er vanskeleg å lukkast med torskeoppdrett. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Oppdrettaren i Vadheim leverte blodraudt resultat for fjoråret.

DEL

Etter Seamatechs rekordstore underskot i 2013 er det mykje som tyder på at det no kan vere over og ut for torskeoppdrett i Vadheimsfjorden, skriv Firda.

MILLIONUNDERSKOT I ÅREVIS

Ifølgje Ravninfo har Seamatech gått med millionunderskot i alle høve i kvart driftsår i perioden 2009 til 2013.

Frå 2012 til 2013 auka oppdrettsselskapet inntektene frå knappe 3 millionar kroner til nesten 11 millionar kroner, det meste i selskapets historie.

I same perioden auka underskotet frå 7,8 millionar kroner før skatt i 2012 til 9,5 millionar kroner før skatt i 2013.

Firda har forsøkt å få Seamatec i tale, men i ein SMS skriv dagleg leiar Ole Bakke: «–Vi ønsker ikkje å uttale oss mht sak.»

SJUKDOM OG STANK

I 2013 vart sjukdomen francisella oppdaga i anlegget, og langt over 100 tonn døydde. Når så mykje fisk døydde da på kort tid, resulterte det i at det periodevis låg tonnevis med fisk og rotna på området selskapet disponerer i Vadheim.

Det førte til at naboane til landbasen i vinter klaga til Fylkesmannen over uuthaldeleg stank.

Anlegget skal vere tømt

Etter tilsyn hjå Seamatech i vinter, sa overingeniør Gunn Helen Henne hjå Fylkesmannen til Firda at ho aldri har vore borti liknande saker som med dette oppdrettsselskapet.

Siste veke sa Henne til Firda at all fisk no skal vere slakta.

Det er uvisst kva planar Seamatech har i Vadheim. Ifølgje næringssjef Terje Søreide i Høyanger har selskapet i vår vore i dialog med kommunen om vatn til ein landbasert produksjon av yngel/smolt til lakseoppdrett.

Artikkeltags