– Det er store makrellkvoter i år, så vi håpar det skal komme godt tilsig med fisk i nær framtid slik at vi får bevegelse på containerane. Det kjem til å bli stor trafikk framover også, det er ein del tusen tonn med fisk som skal skipast ut, seier dagleg leiar Ronny Kjerpeseth i K. Jansen, til Firdaposten.

Innfrysing av laks i containerar har også bidrege til ein auke i containertrafikken, trass i importforbodet Russland i verksette på ettersommaren.

ASIA OG AFRIKA

– For oss innber det at det blir høg aktivitet på terminalen. Vi må leige inn ressursar for å ta unna, og det dryp også på underleverandørar som vi kjøper transport hos. Denne trafikken går jo i tillegg til den vanlege trafikken for regionen vår, seier Kjerpeseth.

Fisken går mykje til Japan og Asia, ein del til Afrika og ein del til Tyrkia og andre land i Middelhavsregionen.

Kjerpeseth erkjenner at dei høge containerstablane kan vere forstyrrande for dei næraste naboane, men:

– Dette skal vi få bevegelse på i nær framtid, det er plassmangel og høg aktivitet som gjer at vi no stablar i høgda. Men ein gong det blir aktivitet og meir fisk, vil containerstablane bli lågare.