Betalar 500 kroner for oppdrettslaks

Fiske etter rømt oppdrettslaks kan bli ein lukrativ hobby fram til 15. desember.

Fiske etter rømt oppdrettslaks kan bli ein lukrativ hobby fram til 15. desember. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Firda Sjøfarmer betaler skotpremie på 500 kroner for kvar rømd oppdrettslaks folk fiskar.

DEL

I førre månad rømte over 3700 laks frå Firda Sjøfarmer sitt oppdrettsanlegg i Trellevika i Askvoll. Folk melde om eventyrlege fangstar av laks i Stongfjorden, m.a. fekk ein fiskar 5-600 laks på garn på to døgn. Firda Sjøfarmer AS har no inngått ein avtale med Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om kostnader som kan knytast til gjenfangst av rømt oppdrettslaks, skriv Firda.

Dette gjelder fisk i sju elvar som eventuelt kan spores til rømninga i førre måned.

Firda Sjøfarmer betaler 500 kroner per laks, der skjelprøver bekreftar at det er oppdrettsfisk, i elvane Gaula, Nausta, Oselvvassdraget i Flora og Gloppen, Storelva i Dale, Eidselva og Jølstra. Selskapet gir i tillegg elveeigarlaga i Gaula og Nausta 10.000 kroner kvar som kompensasjon for gjenfangstfiske.

SIKRA SKJELPRØVER

Det var 18. oktober et uhell førte til rømning på lokaliteten Trellevika som ligger i Granesundet i Askvoll.

– Vi tok affære med ein gong og slakta all fisk i merda. Deretter sikra vi skjelprøver, slik at fisken frå den aktuelle merda kan sporast. Laks som blir levert inn, vil bli kontrollert av tredjepart, Rådgivende Biologer AS. Dermed får ein eit klart svar på om dette er fisk frå den aktuelle rømninga, seier administrerende direktør Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer AS.

GOD DIALOG

Selskapet har hatt ein tett og god dialog med Fiskeridirektoratet og Fylkesmannens miljøavdeling. Det er meldt om fangst av nokre oppdrettslaks i dei nemnde elvane i perioden etter rømninga.

Firda Sjøfarmer og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) fordeler kostnadene seg imellom dersom skjelprøvane syner at fisken tilhøyrer andre selskap enn Firda.

– Vi synest det er ein grei praksis at det enkelte selskap tek ansvar for rømningar. I tillegg har næringa eit totalansvar. Vi oppretta difor FHLs Miljøfond i 2011 for å kunne hjelpe til i slike tilfelle, seier Trude H. Nordli, som er fagsjef for miljø og helse i FHL.

HAR TATT ANSVAR

Ho fortel at utvida gjenfangst i elver, slik det her vert lagt opp til, er ganske nytt. Det blir ei nyttig erfaring for næringa å sjå resultata, fordi det er langt lettare å fange rømt fisk i elvar enn i havet, der den blir spreidd for alle vindar.

– Firda Sjøfarmer AS skal ha skryt for handteringa av rømninga. Dei tek ansvar og har god dialog med både elveeigarar og styresmakter, seier Trude H. Nordli.

AVTALEPUNKTA

Slik lyder avtalen som Fiskeridirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Firda Sjøfarmer AS vart einige om på møte 21. november:

1. Firda Sjøfarmer AS dekker frå 21.11.2014 fangsta oppdrettslaks i elvene Gaula, Nausta, Oselvvassdraget, Storelva i Dale, Eidselva og Jølstra, med 500 kroner per stykk der skjelprøver stadfestar at det er oppdrettsfisk.

2. Firda Sjøfarmer AS kompenserer elveeigarlaga i Gaula og Nausta med 10 000 kroner kvar for gjenfangstfiske i elv før 21.11.2014.

3. Firda Sjøfarmer AS dekkar tidlegare fangsta oppdrettslaks som kan relaterast til hendinga på lokalitet Trellevika etter skjellprøver, i elvane Oselvvassdraget, Storelva i Dale, Eidselva og Jølstra med 500 kroner per fisk.

4. Gjenfangstfiske vil gå føre seg fram til 15.12.2014, og deretter bli evaluert før gjenfangstfiske anten blir forlenga eller avslutta.

5. Firda Sjøfarmer AS og FHL ved Miljøfondet fordeler kostnadane seg imellom dersom skjelprøvene syner at fisken tilhøyrer andre selskap enn Firda Sjøfarmer AS.

Artikkeltags