– Ei plikt å varsle oss

Slik ser det ut når Fiskeridirektoratet hentar opp fiskeutstyr som er mista.

Slik ser det ut når Fiskeridirektoratet hentar opp fiskeutstyr som er mista. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

350 såkalla «Spøkelsesgarn» er henta opp frå havbotnen utanfor Sogn og Fjordane. Berre eitt var meldt sakna.

DEL

– Det er klart det er eit problem, seier Vidar Ulriksen regiondirektør for Fiskeridirektoratet i Sogn og Fjordane til Firdaposten.

Det var bt.no som melde om omfanget etter at Fiskeridirekteratet hadde avslutta sitt årlege opprenskingstokt.

Seniorrådgivar Geirmund Langedal i Fiskeridirektoratet kunne fortelje om tusenvis av gamle garn. I ein del av desse garna som står fast på havbotnen kan det stå to-tre tonn med roten fisk.

«SPØKELSESGARN»

«Spøkelsesgarna», som han kallar dei, er reiskap fiskebåtar har mista i sjøen, og som sjeldan blir meldt sakna. Mange blir ståande i sjøen og fiskar år etter år. Når fisken råtnar eller blir eten av krabbe, går det på ny fisk. Tapt fiskeutstyr er ei forsøpling av havbotnen, men fører også til tap av mykje fisk og slik skjult skattlegging av ressursane.

Regiondirektør hos Fiskeridirektoratet, Vidar Ulriksen, fortel det er eit problem dei ønskjer å få redusert til eit minimum.

– Skiparane på båtane har ei plikt til å melde frå om tap av reiskap, seier han.

VIL IKKJE SANKSJONERE

På spørsmål om det ikkje bør vurderast sanksjonar, hevdar Ulriksen dette aldri har vore leita etter.

– Det er ingen som ønskjer å miste dyrt garn og fiskereiskap. I dei fleste tilfelle er tap av garn uhell knytt til fiske i vanskelege område i dårleg vêr. Dei driv ikkje i sjøen, dei står fast på botnen eller heng i bergnabbane kring bratte kantar der dei er vanskeleg å få tak i dei. Tap av reiskap har stort sett ei naturleg forklaring.

– Når det er sagt, får vi for lite meldingar om tap av reiskap, det viser desse tokta. Så vi må få betre dialog med skiparane, svarar Ulriksen.

Artikkeltags