- Vi i fiskeflåten i Bremanger ønskjer å bli meir synlege og ønskjer folket i bygdene velkomne ombord i romjula. Det skjer i Kalvåg den 28.desember, fortel Geir Magne Røys til Firdaposten. Røys er både styremedlem i Bremanger og Sogn og Fjordane Fiskarlag.

VIL VISA SEG FRAM

- Fiskerinæringa er usynleg for folk flest. Båtane ligg på havet året rundt og er lite i land. Dessutan har denne ISPS-sikringa av hamneområde gjort kaiene utilgjengelege. Det er viktige årsaker til at næringa ikkje viser så mykje att, forklarer han.

I romjula legg fiskeflåten til kai i Kalvåg og slår opp lukene på vidt gap. "Vestfart", "Frøybas", "Grotle" og etter planen også banklinebåten "Veststeinen" skal vere med. Også sjarkfiskarar blir å treffe om bord i eigen båt.

- Vi stiller med båtar og med mannskap som gjerne ønskjer å svare på alt som er av spørsmål om fiskeri og livet om bord på ein fiskebåt. Så byr vi på gløgg, kaffi og noko å bite i.

TVETERÅS-UTVALET

Samlinga startar ombord i museumsfartøyet "Haugefisk". Fiskarlaget har invitert stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), fylkestingsleiar Arve Mjømen (H) og andre politikarar med på samlinga og då vankar det gjerne ein god diskusjon om konklusjonane i Tveterås-utvalet, som nyleg kom med ei utgreiing til regjeringa.

Den konkluderer med at det vil vere godt for utviklinga i fiskeria om ein opnar opp næringa for nasjonale og internasjonale kapitalsterke investorar og løyser opp kravet i Deltakarlova om at eigarane av fiskefartøy faktisk skal vere nettopp fiskarar.

OPTIMIST

- Eg har lite tru på at dette kjem til å skje, men det er alltid nyttig å diskutere korleis næringa skal kunne utvikle seg vidare. Eg helsar debatten velkommen, seier Røys, som er optimist på vegner av den lokale fiskerinæringa.

- Dette er eit storarrangement for oss, og eg håpar at folk kan ta seg tid og komme. Utvikllinga i fiskeflåten har vore negativ om ein ser på talet på fiskefartøy og fiskarar. Eg har godt tru på at vi skal snu det, slår han fast.