Sulefisk-sjefen styrer mot ei positivt annleis og økologisk meir berekraftig havbruksnæring. Selskapet fekk nyleg ein av 10 grøne konsesjonar til å drive lukka anlegg i sjø (Eco-merden).
SUKKERTARE
– Vi er dei einaste i landet og havbruksverda elles som har teke i bruk lakselus-laseren Stingray i stor skala, fortel han til Firdaposten.
Sulefisk jobbar også med dyrking av sukkertare i samarbeid med det nederlandske selskapet Hortimare. Taren veks godt på næringsstoffa frå laksen og kan ha positiv effekt ved at krepsdyr i taren kan fange og ete lakseluslarvar i sjøen. Til dette arbeidet planlegg Niesar å søkje ein eigen FOU-konsesjon.
TIL SOLUND FRÅ BERLIN
Michael Niesar kom til Sulefisk i Sogn og Fjordane som lærling i 1999, rett etter fullført akvakulturstudium i Berlin.
- Vi var to kameratar som bestemte oss for å oppsøkje landa der akvakulturbransjen var i vekst og utvikling. Kameraten min reiste til Chile, medan eg satsa på Norge. Eg fekk kontakt med Jostein Kråkås i Sulefisk, som gjerne ville ha meg til Solund. På førehand las og høyrde eg historier i media om ei næring som brukte tonnevis med antibiotika, kjemikaliar og hormonar. Så då eg kom til Sulefisk, spurte eg: «Kor er antibiotika-lageret»?
- Men det fantes ikkje. Næringa viste seg å vere langt betre enn sitt rykte, fortel Niesar, som blei dagleg leiar i Sulefisk i fjor, etter at primus motor Jostein Kråkås gjekk bort. Då hadde han solid erfaring som driftsleiar for eit Marine Harvest-anlegg i Solund.
- Eg er fiskegal. Eg har drive med akvariumfisk heilt sidan barndommen. I dag har eg 30 akvarium her heime på Eide, smiler den engasjerte sulekonvertitten.
HALVKRIMINELLE?
Niesar er også veldig opptatt av korleis det norske samfunnet og media behandlar folk som jobbar i havbruksnæringa.
- Vi blir sett på som halvkriminelle ut frå det bildet som blir presentert i store nasjonale medium.
- Eg hadde nettopp ein diskusjon med fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) om dette. Ho lurte på kvifor så få i næringa står fram i media og forsvarar den. Svaret trur eg er at berrre ein liten del av kritikken er faktisk sakleg. Det er ikkje lett å stå opp i mot. På den andre sida er det heilt klart at vi må gjere noko drastisk med ei utfordring som lakselus. Vi kan ikkje halde på som no med at lusa blir immun mot det eine stoffet etter det andre.
- Vi har snart ikkje fleire verktøy i kassa vår. Vi må vekk frå å drive med monokultur av laks, Det er for gammaldags. Vi må utvikle polykultur for å drive betre og meir økologisk balansert, understrekar han.
TAREDYRKING
Derfor har Sulefisk invitert nederlandske Hortimare til samarbeidet om sukkertaredyrking. Viktig er også kjøpet av Stingray sine lakselus-laserar. Saman med dei to som dei har på uttesting, greier dei truleg å unngå å medikament-behandle ein heil generasjon oppdrettslaks mot utfordring nummer 1, lakselusa.
Slik sett er Sulefisk i sentrum av det som kan bli havbruksnæringas teknologiske månelanding.
- Vi har investert i lakseluslaser, fordi det er den einaste metoden som er aktiv 24 timar i døgnet.
- Ein treng ikkje svelte fisken eller stresse den. Stingray-laseren er eit slags avansert starwars-verktøy og utviklarane i Stingray treng mest mogleg treningstid. Vi veit ikkje om dei vil lukkast fullt ut. I så fall har vi i alle fall bidrege sterkt til eit forsøk på forbetring og utvikling. Kanskje taper vi eit par millionar, men den sjansen har vi bestemt oss for å ta, seier han.