Inn i australsk samarbeid

Per Christian Engdal i Ocea Mercatus i Florø.

Per Christian Engdal i Ocea Mercatus i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ocea Mercatus skal via eit samarbeid med Panlogica gjere it-systema sine meir brukarvennlege.

DEL

Ocea AS sin programvaredivisjon, Ocea Mercatus, ligg i Florø. Selskapet og dei originale it-produkta vart opphavleg utvikla av Michael Dorfman og Knut Eikeland i Florø, skriv Firdaposten.

OVERSIKT OG KONTROLL

Selskapet sitt spesialfelt er å utvikle og drifte datasystem der tilsette i oppdrettsselskap lett kan ha oversikt og halde kontroll med helsesituasjon, logistikk, produksjon og økonomi. Dette er no samla i fire produkt; Aquavet, Aquafarmer, Aquafuture og Aquafinance, noko som til saman er eit komplett styringsverktøy for biologisk og finansiell produksjon.

Australske Panlogica har eit verktøy, Neptun, som kan få Ocea Mercatus sine fire system til å jobbe endå betre i saman.

– Med dette kan oppdrettarane lage ulike simuleringar for å finne ein optimal produksjon, skriv Ocea i ei pressemelding.

STYRKER POSISJONEN

– Vi har lenge jobba med å få på plass eit slikt tilbod. Panlogica har i tillegg til eit velprøvd produkt, vist at dei har erfaring og kompetanse som passar godt saman med det vi tilbyr i Ocea Mercatus. Det er viktig for oss å komme raskt ut med noko som vi veit vil fungere for våre brukarar frå første dag. Det var derfor fornuftig at vi fekk til eit slikt samarbeid, seier Per Christian Engdal i Ocea Mercatus.

Samarbeidet kom i stand etter dialog med nokre av selskapa sine felles kundar og Ocea Mercatus meiner dei med dette vil styrke sin posisjon i marknaden.

Artikkeltags