Kan stamme frå Hardanger

Desse rømlingane vart fanga i munninga av Gaular-elva.

Desse rømlingane vart fanga i munninga av Gaular-elva. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Denne oppdrettsfisken ble fanga i Gaular. Den kan stamme frå Hardanger.

DEL

Dei siste dagane har det i fleire elvar blitt observert det som truleg er store mengder rømd oppdrettsfisk, melder Firda.

– Den siste veka har stimer av rømt oppdrettsfisk kome inn elvemunningen ved Gaularelva. Stort sett er det snakk om fisk på om lag 50 centimeter og 1 kilo, seier den røynde flugefiskaren Tom A. Wangensteen til avisa.

I går blei det kjent at det er fanga 20 fiskar i munninga av Gaular-elva.

TRULEG OPPDRETTSFISK

Fisken kan stamme frå ei kjent rømming i Hardanger eller vere resultatet av ei ny rømming. Det opplyser Paul Jacob Helgesen, seksjonsleiar i Fiskeridirektoratet.

Helgesen har ikkje sett fisken sjølv, men har fått tilbakemeldingar frå flugefiskar Wangensteen som fanga fisken, og han har sett bilde av den.

– Ut frå dette kjenner vi oss så sikre som vi kan på at det er oppdrettsfisk, seier Helgesen.

Prøver skal vise om fisken kjem frå Hardanger

TO RØMMINGAR

Etter ekstremvêret Lena 10. august blei det meldt om to rømmingar frå oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden.

– Der blei det oppdaga hol på fire-fem meter i ein merd . Vi forventar at ein del fisk har rømt herifrå, men veit ikkje sikkert kor mange som har rømt. Fisk herifrå er funne i fleire elver i området rundt i Hardanger og oppover mot Os.

Det er derimot ikkje komme fleire meldingar om oppdrettsfisk på rømmen før observasjonane i Gaular.

– I og med at fisken er så nær i størrelse, så er det naturleg at vi sjekkar om dei stammar herifrå. Fisken kan ha komme så langt på den tida. Men det kan også vere ei ny rømming og vi må jobbe ut frå at det kan vere det, seier Helgesen.

PRØVER

Det er tekne prøver av den fanga fisken som analyserast så raskt som mogleg for å bekrefte eller avkrefte om fisken stammar frå Hardanger. Resultata av analysen vil komme tidlegast i starten av neste veke, opplyser Fiskeridirektoratet.

– Vi kan ikkje utelukke at den kjem frå Sogn og Fjordane.

Difor har Fiskeridirektoratet bede alle oppdrettarar i fylket om informasjon og dokumentasjon på at merdane med fisk på denne størrelsen er tette.

– Det har ikkje komme inn meldingar om rømming. Vi ber om at dersom nokon veit om at dei er kjelda, så må dei melde frå. Viss vi har ei kjent kjelde kan vi spare mykje tid, bekymring og undersøkingar, seier Helgesen.

– Det er viktig å kartlegge kvar den kjem frå slik at vi kan lære av kva som har skjedd og bruke dette i framtida, understrekar Helgesen.

- Det er ikkje eleveigarar eller villaksen dette skal gå ut over. Dei skal ikkje li nokon nød fordi oppdrettsfisk rømmer.

No skal Fiskeridirektoratet gå gjennom dokumentasjonen frå oppdrettarane. Dersom det viser seg at fisken ikkje stammar frå Hardanger, vert det ein lengre prosess for å finne ut kvar fisken kjem frå der ein blant anna tek prøver for å samanlikne fisken hos oppdrettarar med rømt fisk.

Artikkeltags