Metoden har vore utprøvd ei stund i Chile, og i Norge testar no Bremnes Seashore, Blom Fiskeoppdrett og Kobbevik og Furuholmen systemet.

– Produktet har vore kommersielt tilgjengeleg i Chile i eit år, og erfaringane er gode, fortel Tore Laastad i Ocea til Firdaposten.

RESISTENS

Ved å pumpe fisken inn i eit kammer med lunka vatn, så døyr mange av lakselusa i løpet av eit halvt minutt.

– 90 prosent av den kjønnsmodne lusa blir fjerna og 60 prosent av dei bevegelega stadia. Resultata for den fastsitjande smålusa er 50 prosent, seier Laastad, som legg vekt på at erfaringane dei har gjort i Chile styrkar dei i trua på at dei har eit produkt som vil vere nyttig for lakseoppdrettsbransjen. Dei slit med at lusa har utvikla resistens mot tradisjonell medikamentell behandling og mot bad i kjemikaliar.

Metoden er ikkje ny, men Ocea er dei første som testar i stor skala.

TRUGAR VILLAKS

No skal metoden tilpassast norske driftsforhold med større anlegg og større fiskekvantum.

Bremnes Seashore har valt å vere tidleg ute for å kunne sikre seg eit nytt verktøy i verktøykassa mot lakselusa. Dei og bransjen generelt ser at resistensproblema ikkje er til å leve med.

Med på utprøvinga er også Veterinærinstituttet, som ser potensialet til å få eit nytt og ikkje minst miljøvennleg alternativ i kampen mot lakselusa, som i tillegg til å truge oppdrettsbransjen er eit minst like alvorleg problem for villaksbestandane våre.