Det seier skipper Nils Ole Toft om bord i garnbåten «Skjongholm» frå Flora til Firdaposten. Då vi snakka med dei, var dei på veg inn frå ein 16 dagars tur i Nordsjøen med full fangst om bord.
ENDELEG BETALT
– Vi har fått rekordprisar på frosen sei to gongar i år. No sist oppnådde vi 18,60 for kiloen. Det er bra når vi har lege rundt 11 kroner tidlegare. Men no prioriterer vi å fiske torsk. Vi har fått opp i 27,50 for den største (7+), men kring 23 kroner for den storleiken vi har mest volum av, fortel han.
Reiarlaget «Skjongholm» har som mange andre som driv kvitfisk-fiskeri med passive reiskap som garn og line, slite med negative årsresultat både i 2013 og 2012. I fjor kom dei ut med minus 1,5 millionar i resultat og året før 384.000 raude kroner.
Sidan påske i år har dei sikra seg ei omsetning på minimum 12 millionar kroner, mot 10 millionar i same perioden i fjor. Med ein god siste tur i år kan dei nærme seg 13.
ARBEIDSKREVJANDE
Reiar Rune Nilsen frå Hovden strekar under at dei fiska godt også føregåande år, men at prisane var for låge.
– Det er tungt når vi landar store kvantum, men ikkje skaper overskot. No har vi hatt ein god periode og det trengst. Fiske med passive reiskap som garn er langt meir arbeidsintensivt og gir oss fleire driftsdøgn enn andre flåtegrupper. Vi må plukke og ta hand om kvar ein fisk og vi behandlar stort sett all fangsten vår om bord og frys den inn. Alt blir gjort på sjøen, seier Nilsen.
SKIFTORDNING
«Skjongholm» blir no driven med to-skiftordning. Nils Ole Toft og Runar André Nilsen er skipperar for kvart sitt 8-mannsskift. Nestoren sjølv, Rune Nilsen, styrer reiarlaget frå land, men tek gjerne med seg nokre turar på sjøen vinterstid.
– Vurderer du å skifte til ny båt?
– Nei. Eg ønsker ikkje å gape for høgt. Marginane i drifta er små.
POLITIKK
Rune Nilsen er også aktiv innan fiskeripolitikken, som leiar i Flora Fiskarlag.
No er han i disputt med fiskarlaga i Nord-Norge fordi dei etter hans syn kjem med innspel som vil radere vekk vinterfisket på Møre-kysten.
Mange nordlendingar ønsker no at ein set små differensierte maksimalkvotar på seifisket frå starten av året. Forslaget til seiregulering er derimot at ein har fritt fiske etter sei nord for 62. breiddegrad. Det gode vinterfisket på Møre har fått fleire båtar frå Nord-Norge til å kaste seg på det. No fryktar dei at det rike fisket så tidleg på året i sør kan føre til tidleg stopp i seifisket lenger nord.
– Det blir feil at vi må lide for at dei vil sikre seg eit betre seifiske på hausten i nord. Fiskarane på Møre-kysten har drive med dette i alle år – anten prisane har vore høge eller låge, seier Rune Nilsen til FiskeribladetFiskaren.