Dei utviklar ei ny dataplattform for deira globale team av fiskehelse-veterinærar, skriv Firdaposten.
DIGITALT
– Den nye tekniske løysinga inneber også at oppdrettskundane våre kan gjere seg nytte av data frå Novartis sine besøk og analysar. Dette er noko heilt nytt i marknaden. I staden for å få tilsendt papir eller PDF-rapportar, er tanken at ved å få data levert digitalt, så kan kunden i etterkant generere ulike rapportar eller dokumentasjonar alt etter behov, fortel Per Christian Engdal, Chief Technical Officer (CTO).
Utviklingsarbeidet for sveitsiske Novartis vil i neste omgang føre til eit løft i det allereie eksisterande produktet i fiskehelse-marknaden; AquaVet.
UTVIKLINGSARBEID
– For oss har Novartis-prosjektet vore eit stort utviklingsarbeid, med eit fast team heilt frå oppstart i 2013. Den første versjonen av AquaCare blir lansert internasjonalt i desse dagar, og produktet er allereie under vidareutvikling. Det kan opererast både med PC og tablets, fortel Engdal.
Ocea AS sin programvaredivisjon, Ocea Mercatus, ligg i Florø. Selskapet og dei originale it-produkta vart opphavleg utvikla av gründer og dataekspert Michael Dorfman og økonomen Knut Eikeland i Florø.
Utstyrsleverandøren Ocea kjøpte opp selskapet i 2007.
STYRINGSVERKTØY
Staben i Florø utviklar og driftar datasystem, der tilsette i oppdrettsselskap lett kan ha oversikt og halde kontroll med helsesituasjon, logistikk, biomasse-produksjon, økonomi og finansiell planlegging.
Via ein ny avtale i haust med australske Panlogica får dei no eit verktøy som får deira fire produkt, AquaVet, AquaFarmer, AquaFuture og AquaFinance, til å jobbe endå betre saman. Summen er eit komplett styringsverktøy for biologisk produksjon.
INTERNASJONALT
– Vi er internasjonale, og arbeidsspråket er engelsk. Vi samarbeider og møter folk dagleg via videokonferansar eller ute hos kundar. Det som skil oss får andre it-folk, er at vi også har folk med praktisk erfaring frå automasjon og sjølve næringa. Vi har god kontinuitet på fagfolka våre og har folk hos oss som har vore med i 13-14 år, heilt frå starten av verksemda i Florø.
Byen Florø har også fordelar når det gjeld stabilitet på kompetanse-personell. Konkurransen om kompetansen er langt mindre enn i storbyane, og turn-over på tilsette er liten.
– Vi har mange som etter å ha vore ute og jobba nokre år, kjem tilbake til Florø for å slå rot med eigen familie her.