Satsar 150 millionar på nytt fôrskip

Det er høgteknologi som pregar brua på Artic Shipping sitt nye fôrfartøy, "Artic Fjell". Laurdag er det klart for dåp i Florø.

Det er høgteknologi som pregar brua på Artic Shipping sitt nye fôrfartøy, "Artic Fjell". Laurdag er det klart for dåp i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Artic Shipping sitt nye flaggskip skal døypast i Florø til helga.

DEL

«Artic Fjell» er namnet, og laurdag skal ho døypast på Fugleskjærskaia. Dermed vil reiarlaget Artic Shipping ha verdas mest fleksible og kostnadseffektive fôrskip i flåten sin.

Klokka to skal champagnen smelle, og stolt gudmor er Lindy Vilnes, kona til Artic Shipping-reiar Ove Vilnes. Frå klokka tre til fem på ettermiddagen blir det ope skip for alle som har lyst å sjå på nyvinninga, som er knappe 70 meter langt.

FLEKSIBELT FLAGGSKIP

Det nye fartøyet er utvikla i tett samarbeid med EWOS og Sjøtransport Rotsund, som eig MS «Rubin», det andre skipet av denne typen som EWOS lanserte tidlegare i år.

«Artic Fjell» får Kjartan Vilnes som skipper, og ifølgje EWOS sine heimesider er han full av lovord om fartøyet, som den siste tida har gått seks prøveturar og levert fiskefôr langs kysten, utan å avdekkje noko feil eller barnesjukdomar ved skipet.

«Artic Fjell» er tufta på modulbaserte løysingar som gjer at det kan driftast effektivt. Modular kan enkelt setjast inn i båten og takast utatt, og «Artic Fjell» kan dermed frakte fiskefôr i både silo og sekk, eller nyttast til anna råvaretransport i lågsesongar.

NUMMER FEM I REKKJA

«Artic Fjell» er det femte fôrskipet til Artic Shipping som går på langtidskontrakt for EWOS. Alle fem skipa vil vere på plass under dåpen.

Sentralt i utviklinga av skipets tekniske nyvinningar er reiar Ove Vilnes i Artic Shipping, direktør for EWOS Norge, Atle Kvist og eiga av Sjøtransport Rotsund AS, Bjarne Johannessen. Atle Kvist og Ove Vilnes vere i Florø under dåpen.

Artikkeltags