– Det er blitt skremmande få aktive båtar att i bransjen, seier Svein Magne Korneliussen til Firdaposten.

Han og broren Kristian Korneliussen er ein av to reiarar om bord i «Brevik jr», som er ein av tre havgåande fiskebåtar i Flora som fiskar etter kvitfisk med passive reiskap (garn og line).

TØFT FOR KVITFISK

Denne flåtegruppa har hatt nokre tøffe år bak seg med svært låge prisar på torsk og sei.

Svein Magne Korneliussen deler på skipperansvaret med bror Kristian, som er på fiske i Nordsjøen no. Han er nøgd med at fiskeprisane har svinga seg opp på eit leveleg nivå.

– Vurderer de å investere i ny båt?

– Vi skal vurdere situasjonen utover i 2015. Ein av grunnane til av vi har tent pengar i føregåande år, er at vi har hatt ein veldig rimeleg båt å drive, svarer han.

«Breivik jr» har levert solide resultat dei siste åra og hadde overskot på 4,5 millionar i 2012 og 3,5 millionar i 2011. I fjor fekk dei maskinhavari og låg lenge på verkstad og enda på 67.000 i pluss.

NY «FANØYVÅG»

Geir Henning Seljeset og faren Jonny Seljeset har avtalt sal av den 21 meter lange gamlebåten sin og har kontrahert nybygg som er under bygging i Stettin i Polen.

Den nye båten skal leverast til neste haust og skal utrustast ferdig hos Stadyard på Raudeberg i Vågsøy.

– Skroget på den nye båten tek allereie form på verftet i Polen og eg er nøgd med at vi har kontrahert båten i norske kroner. Då veit vi kva sluttprisen vil bli, sidan vi er ikkje er avhengige av valutasvingingane på norske kroner mot euro, fortel Seljeseth, som må permittere mannskapet fram til den nye båten er på plass.

«Fanøyvåg» har trass låge prisar drive med plussresultat siste i åra. I åra 2011, 2012 og 2013 har dei hatt plussresultat på høvesvis 330 000, 278 000 og 919 000 kroner.

NYTT FLAGGSKIP

Nye «Fiskebas» blei døypt i februar i år og er i gang med sitt første driftsår. Den hypermoderne snurparen vekte oppsikt langs heile kysten då den vart levert. «Fiskebas» er også utrusta for å kunne ta oppdrag som servicefartøy for oljebransjen.

Ringnotbåten «Fiskebas» og kystnotbåtane «Bluefin» og «Albacore» på Nekkøya fiskar med såkalla aktive reiskap, og høyrer til ei flåtegruppe som tradisjonelt har hatt god lønsemd og som er mindre arbeidsintensiv. Dei har ingen manuell handtering av fisk, men pumpar den inn og ut av båten.

SKAPER 400 JOBBAR

Ei oppteljing av direkte arbeidsplassar om bord i aktive Florø-registrert fiskebåtar, viser at det er kring 70 arbeidsplassar. I tillegg kjem fiskarar frå Flora som arbeider på båtar som er registrerte i andre kommunar. Dei har vi ikkje oversikt over.

Ein vanleg omrekningsfaktor for kva ringverknader ein fiskar-arbeidsplass skaper i servicenæringar og offentleg administrasjon, er faktoren fem.

Dei heilårsaktive fiskarane i Flora skaper då 419 arbeidsplassar på land.

Kystflåten med dei mindre fartøya minkar år for år. Dette er del av ein nasjonal trend og resultat av ein strukturpolitikk som ønsker fiskeressursane fordelt på færre og større fartøy.

Dette går også ut over landindustrien. Fleire og fleire fartøy, heilt ned i kystflåten, skaffar seg fryseri om bord og leverer fisken som frysevarer.

Fisken blir så seld direkte på auksjon eller blir plassert på frysehotell til salet er i orden.

LANDINDUSTRI TAPER

Med unnatak av den oppdrettsrelaterte verksemda Slakteriet, er det heller laber aktivitet i fiskeindustrien i kommunen.

Aktiviteten på Norway Pelagic sitt mottak for sild og makrell i Gunhildvågen har vore minimal siste året, og kva som skjer vidare med overkapasitet i pelagisk industri er vanskeleg å spå.

Konsernleiinga har uttalt at Florø-anlegget med sine kring 60 arbeidsplassar vil vere liv laga.

Flora har ingen mottak for kvitfisk. Kystfiskarane leverer sine fangstar anten i Kalvåg eller på Atløy i Askvoll kommune.