Slit med å selja settefiskanlegg

Statkraft vil selja dette anlegget. Formannskapet i Eidfjord sa ja til deling sist veke. Verken Fylkesmannen, fylkeskommunen eller NVE har merknader.

Statkraft vil selja dette anlegget. Formannskapet i Eidfjord sa ja til deling sist veke. Verken Fylkesmannen, fylkeskommunen eller NVE har merknader. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statkraft la settefiskanlegget og genbanken ut for sal i april, men har ikkje fått den responsen dei hadde håpa på.

DEL

No går dei direkte til oppdrettsnæringa i jakta på ein kjøpar, skriv Hardanger Folkeblad.

Men Statkraft er ikkje berre opptatt av å få ein så høg pris som mogeleg. Kva planar ein skisserer for anlegget er også viktig.

Ein kommersiell aktør må kunna ta på seg dei kultiveringsoppgåvene som Statkraft framleis har behov for, og som dei kanskje vil ha behov for i mange år framover.

Eit anna krav Statkraft stiller, er å tilby arbeid til dei tre som i dag har hundre prosent stilling ved anlegget.

STARTA PÅ 70-TALET

I Simadalen produserer Statkraft alt frå rogn til smolt. Desse vert sett ut i elvar og vassdrag, etter krav frå styresmaktene.

Aktiviteten har gått føre seg sidan anlegget var nytt på slutten av 1970-talet. Opp gjennom åra er anlegget utvida, mellom anna med genbank.

Men i dag har ikkje lenger Statkraft behov for eit anlegg i denne skalaen. Og Statkraft meiner kapasiteten til anlegget kan utnyttast på ein betre måte enn kva tilfellet er i dag.

– Mogelegheitene for anlegget er mange, seier Rune Limstrand i Statkraft. Han er leiar for alle settefiskanlegga som Statkraft eig i heile landet, og har kontorstad i Eidfjord.

GREIER SEG SJØLV

Statkraft har i stor grad lukkast med målsetjinga om at fisken skal greia seg sjølv, ifølge Limstrand.

Og i mange tilfelle gjer Statkraft heller tiltak som skal betra tilhøva for kultivering, i staden for å setja ut rogn eller smolt. For å måla effektane av arbeidet, er Statkraft involvert i mange uavhengige forskingsprosjekt.

Anlegget i Eidfjord i Hordaland har ein samla verditakst på 11 millionar kroner. Etter at anlegget første gong vart lagt ut på finn.no, har tre ulike aktørar meldt si interesse.

– Det er viktig å understreka at me ikkje ekskluderer nokre av desse sjølv om me no tek ein ny runde, seier Limstrand.

NYTT PROSPEKT

Men Statkraft ynskjer å nå litt breiare ut, og førebur difor eit nytt prospekt som dei i desse dagar er i ferd med å kvalitetssikra før dei går direkte til næringa.

Før ei eventuell overtaking, må ein dela frå anlegget med naturleg tilhøyrande areal. Søknaden om frådeling er grunngjeven med at anlegget framleis vil vera eit anlegg for oppdrett av fisk.

Artikkeltags