Startar oppdrett for å bli kvitt lakselus

Halvard Hovland er dagleg leiar i Havlandet Marin Yngel (HMY) og jobbar for Sunnfjord Rensefisk og lagar berggylt-yngel.

Halvard Hovland er dagleg leiar i Havlandet Marin Yngel (HMY) og jobbar for Sunnfjord Rensefisk og lagar berggylt-yngel. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Havlandet Marin Yngel har fått eit krevjande oppdrag av sju lokale lakseoppdrettarar:

DEL

På vårparten neste år skal første generasjon oppdretta berggylt ha sett dagens lys.

– Vi er ein gjeng sære spesialistar her som set stor pris på utfordringa, seier dagleg leiar Halvard Hovland hos Havlandet Marin Yngel, som har fått oppdraget av det nystifta selskapet Sunnfjord Rensefisk, der sju lokale oppdrettarar står bak. Her har kan ein få både i pose og sekk.

STAMFISK OG GENMATERIALE

Ikkje berre kan Hovland og kompani skyte gullfuglen ved å få i gang ein viktig produksjon av rensefisk i laksenæinga. Samstundes kan dei no få tatt vare på dei store verdiane som ligg i stamfisken og genmaterialet av oppdrettstorsk.

– Torskeoppdrettsnæringa er per definisjon daud. Det er ingen kundar der ute. Derfor var oppdraget til Sunnfjord Rensefisk ei kjekk utfordring å få. Eg synest det er ei tøff satsing av oppdrettarane, og eg håpar verkeleg at vi lykkast.

– Vi knekte koden med produksjon av torskeyngel og har kunnskap om innsatsfaktorane i marin yngelproduksjon. No er det ikkje uvesentleg kva type fisk vi jobbar med. Berggylt er ein varmekjær art og har sikkert sine særeigenheiter, seier Hovland.

BERGGYLT FUNGERER BEST

Dei har allereie tre grupper på 500 stamfisk av berggylt i anlegget og har også fått kjøpe befrukta egg frå Marine Harvest Labrus som gir grunnlag for ein første prøveproduksjon.

– Vi legg opp til klekking av egg kvar fjerde månad frå neste år av. Vi reknar med å ha første klekkinga av eigen stamfisk på vårparten neste år.

Erfaringane frå Marine Harvest tilseier at berggylt er den arten som fungerer best i merdane. Berggylten er ein hardhaus, ein aggresiv jeger som lever utelukkande på små krepsdyr, som lakselus. Dei gode erfaringane med berggylten stemmer godt med den dei lokale oppdrettarane også har.

TESTA ROGNKJEKS

Nils Tore Karstensen er styreleiar i Sunnfjord Rensefisk og representerer også den lokale verksemda med lengst erfaring med å bruke leppefisk som rensefisk. Grunnleggaren av firmaet, far Erling Karstensen, tok i bruk denne metoden allereie midt på 1970-talet.

– Saman med vår samarbeidspartner Marø Havbruk, har vi dei to siste sesongane også prøvd ut rognkjeks til rensefisk, men det var ikkje så vellykka. Rognkjeksen byrja etter kvart å jakte på vanleg fiskefôrpellet også. Fordelen med rognkjeksen er at den beitar på krepsdyr også på låge temperaturar. Slik sett passar den sikkert betre lenger nord i landet, seier Karstensen.

Etter å ha forkasta ideen om eit eige anlegg for oppdrett av bergylt, valde Karstensen og Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk å satse på spisskompetansen til HMY og Halvard Hovland.

SALMON GROUP

– Produksjonen av berggylt-yngel er ikkje ulik torskeyngel-produksjon. Og er det nokon som verkeleg har denne kompetansen, så er det HMY.

For å fordele økonomisk risiko med prosjektet tok dei to lokale Flora-oppdrettarane kontakt med kollegar i Bremanger, Askvoll, Fjaler og Solund som dei samarbeider med via nettverket Salmon Group.

– Vi ønskjer å drive med fiskeoppdrett også i framtida, sjølv om det kjem stadig sterkare miljøkrav frå styresmaktene. Men det å fange vill berggylt og bruke den i merdane er ikkje bra for bestanden. Å satse på oppdrett er av rensefisken berggylt er berekraftig både for næringa og for naturen, påpeikar Karstensen.

Artikkeltags