Høyset tar over som Fjord1-topp

André Høyset skal fungere i stillinga som administrerande direktør i Fjord1 etter Dagfinn Neteland. FOTO: ARVE SOLBAKKEN, FIRDAPOSTEN

André Høyset skal fungere i stillinga som administrerande direktør i Fjord1 etter Dagfinn Neteland. FOTO: ARVE SOLBAKKEN, FIRDAPOSTEN

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

André Høyset er konstituert administrerande direktør i Fjord1 etter Dagfinn Neteland.

DEL

Det skriv selskapet i ei kort pressemelding tysdag, ifølge Firda.

Høyset kjem frå stillinga som HR-direktør i selskapet.

I pressemeldinga opplyser Fjord1 vidare at dei startar arbeidet med å utlysing av stilling som endeleg administrerande direktør på nyåret.

– Ein vemodig dag

Dagfinn Neteland går med dette av som administrerande direktør, som følge av at han trakk seg etter at fylkeskommunen vedtok å selhe til Torghatten.

– Det er ein vemodig dag. Saman med dei tilsette i Fjord1 har vi hatt eit svært positivt halvanna år. Men eg trur organisasjonen har respekt for at det måtte bli slik, seier Neteland til NRK Sogn og Fjordane.

Førre veke vart det klart at forretningsadvokaten Pål W. Lorentzen frå Bergen tar overs om ny Fjord1-styreleiar.