Danish Air Transport AS (DAT) utfordrar likevel ikkje Widerøe om å trafikkere kortbaneflyplassar i Sogn og Fjordane, slik det kunne oppfattast, då både Widerøes Flyveselskap AS og DAT stod på tilbydarlista for den regionale ruteflyginga i Sør-Norge.

Dei nye anboda skal gjelde frå 1. april 2016, skriver Firda.

DAT-sjef Jesper Rungholm opplyser no til avisa Lofotposten at tilbodet deira berre gjeld for ei av dei utlyste flyrutene. Dette sambandet er Oslo–Røros.

DAT har tidlegare vore inn på flytransporten i Sogn og Fjordane, då selskapet trafikerte rutene på Florø lufthamn.

Dermed er det berre Widerøe, som i dag flyg på Sogn og Fjordanes fire flyplassar og på Ørsta/Volda lufthamn, som har lagt inn anbod på desse rutene.

Anboda vart opna i Samferdsledepartementet tidlegare denne veka.